No blir Maria apotekar fast
Maria Rossebø Areklett er tilsett i stillinga som apotekar ved Sjukehusapoteket i Haugesund.

Maria har vore konstituert i stillinga sidan oktober i fjor. Etter ein periode med betenkningstid takka ho i haust ja til å gå inn i rolla, etter at stillinga hadde vore lyst ut to gongar.
No i vinter søkte Maria sjølv på stillinga då den vart lyst ut igjen – og no har ho fått den fast.
– Det siste halve året har gitt meg høve til å bli trygg i og kjent med rolla. Eg trivst svært godt, både i stillinga og saman med kollegaene mine her i Haugesund. Vi har ein så flott gjeng her på apoteket, og det skjer mykje spennande, så eg gleder meg til å vere med vidare, seier Maria.
Administrerande direktør Tonje Folkvang er også glad for at Maria no blir fast i stillinga.
– Maria har vist at ho handterer rolla på ein svært god måte. Ho nyt stor tillit både ved apoteket i Haugesund og i resten av SAV-leiinga, som ho er ein aktiv del av. Ho representerer dessutan både ein kontinuitet, erfaring og kompetanse som blir verdifull framover både for apoteket i Haugesund spesielt og SAV generelt, seier Tonje.
Maria utdanna seg om farmasøyt med Universitetet i Oslo og har seinare tatt ein master i erfaringsbasert klinisk farmasi. Ho har jobba i Sjukehusapoteka Vest sidan mars 2003. Frå tidlegare har ho også fleire års erfaring som avdelingsleiar for publikum og AFT (avdeling farmasøytiske tenester) i Haugesund.