Meona-gruppa vann utviklingsprisen
Meona-gruppa vann prisen for sitt årelange nyvinnande og ressursbesparande arbeid.

Dei siste åra har ein under SAV-samlinga kåra ein vinnar av kvalitetsprisen. Under årets samling i Haugesund hadde leiinga bestemt seg for å dele opp denne prisen i to nye prisar – arbeidsmiljøprisen og utviklingsprisen.
Utviklingsprisen gjekk til Meona-gruppa, for deira arbeid med planlegging, utvikling og innføring av systemet – over mange år. Her er kva juryen skreiv i sin grunngjevnad.
«Juryen har kome fram til ein vinner viss arbeid har påverka kvardagen for mange medarbeidarar, også utanfor SAV og Helse Vest. Prosjektet har pågått over tid, og mange personar og yrkesgrupper har, og har hatt ei rolle i planlegging, utvikling og innføring.
Det som er levert gjennom arbeidet er nyvinnande, ressursbesparande og er ein viktig del av eit større klinisk fagsystem. Tiltaket kan vise til målbare resultat og har gitt forbetring i arbeidsflyt på tvers av avdelingar i sjukehuset.»
Kristin Slettvåg blei kalt til scenen for å ta imot prisen. Ved sidan av jobben som seksjonsleiar jobbar Kristin framleis 60% med Meona. Ho har vore med prosjektet frå starten.
- Dette var noko som ga festkvelden ein ekstra piff. Det var veldig hyggeleg å få prisen, og så er det så fint at den gjekk til Meona-gruppa samla, i fortid og notid.
Ho tok imot prisen på vegne av alle dei som har jobba med Meona i løpet av dei ti åra prosjektet har pågått.
- Det er farmasøytar og teknikarar frå SAV som helt frå den spede byrjing har vore sentrale og avgjerande bidragsytere i alle fasar av arbeidet knytt til Meona.
- Vi kan innimellom ha ord på oss for å vere litt for nøye i tverrfagleg samarbeid med anna helsepersonell og teknologar. Det ligg i den farmasifaglege ryggraden å vere nøye, så det skal vi vere. Det ikkje er kven som helst som deltar i dette arbeidet. Det er ei gruppe godt trente medarbeidarar med erfaring frå sjukehusfarmasi, som er drilla både i det grunnleggjande og spesialfelt innan legemiddelhandtering. Eg er veldig stolt av å vere ein del av denne dyktige gjengen.
Godt tverrfagleg samarbeid
Kristin er stolt av å kunne sei at Meona-gruppa fekk den første utviklingsprisen i SAV.
- Eg vil på vegne av heile Meona-gruppa takke for at vi fekk den aller første utviklingsprisen i SAV. Det er vi stolte av. Det er veldig hyggeleg at vi «blir sett» og satt pris på.
Ho understreker likevel at det er fleire enn berre tilsette frå SAV som har delteke.
- Meona er ein del av eit stort samarbeid mellom sjukehusføretaka og Helse Vest IKT. Eg trur vi kan takke det gode tverrfaglege samarbeidet for at man har kome så langt som vi har på dette området i Helse Vest.
- Helse Vest meiner eg er den helseregionen som har kome lengst innan digitalisering på legemiddelområdet i nasjonal samanheng. Det er kanskje ein litt heftig påstand, men eg syns godt ein kan tørre å snakke meir høgt om det.