Medisinstart: Gratis legemiddelrettleiing på sjukehusapoteket
På sjukehusapoteket kan du snart bestille ei ny teneste kalla Medisinstart, eller oppstartsrettleiing. Dette er for deg som skal starte med blodtrykksenkande, blodfortynnande eller koIesterolsenkande medisin. Både lege og pasienten sjølv kan bestille denne tenesta, som det offentlege betalar for.
Den som tar imot tilbodet om Medisinstart får to oppfølgingssamtalar med farmasøyt, om lag 1-2 og 3-5 veker etter kjøp av det nye legemiddelet.- Innføring av oppstartsrettleiing er viktig for å sikre rett bruk av legemidlet som også gjev ekstra tryggleik for brukaren. Det at pasienten sjølv kan bestille tenesta er svært positivt. Farmasøytane sin unike kompetanse kjem på denne måten pasienten direkte til gode. Feil bruk av legemidlar er også ein hyppig årsak til innlegging i sjukehus, seier Jon Bolstad, administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.
Dette er medisinstart
Oppfølgingssamtale er strukturert rundt ei liste med opne spørsmål som farmasøyten har tilgjengeleg i form av eit samtaleskjema. Spørsmåla opnar for samtalar om riktig bruk av det nye legemiddelet, gløymte tablettar og førebygging og lindring av vanlege biverknader. Medisinstart gir også ein arena for å ta opp uroer og klare opp i misforståingar.
Rådene til pasienten blir tilpassa etter behovet. Farmasøyten fører notat frå samtalane og dokumenterer kva tiltak pasient og apotek blir einige om. Tiltak identifisert i samtale 1 blir følgt opp i samtale 2. Ved å gi gode råd om riktig bruk og medverke til å løyse enkle problem og uroer på eit tidleg tidspunkt, hjelper vi til at pasienten får god kontroll over eigen legemiddelbehandling..
Tilgjengeleg i apoteket i 2018
Sjukehusapoteka er allereie godt i gong med planlegging av Medisinstart-tenesta, i samarbeid med Helsedirektoratet. Målet er at tenesta skal vere tilgjengeleg i apoteka frå mai 2018.
-Når tenestene blir lanserte nasjonalt vil alle sjukehusapoteka våre tilby oppstartsrettleiing. Denne rettleiinga vil medverke til at kundane våre blir meir trygge på eigen medisinbruk og får auka forståing og motivasjon for å ta i bruk medisinane som legen har skrive ut nå dei kjem heim frå sjukehuset. Det er derfor viktig at dette tilbodet blir godt kjent blant pasientar og helsepersonell, seier Bolstad.