Legemiddelproduksjon er tilbake på timeplanen
Etter år med lobbyverksemd er legemiddelproduksjon endeleg blitt tatt tilbake på timeplanen for elevar på apotekteknikarlinja. I Haugesund hadde dei opplæring med dei første elevane i februar.
Publisert 10.03.2023
For nokre år sidan blei legemiddelproduksjon tatt ut av læreplanen for elevar på apotekteknikarlinja. Sidan det har leiinga ved Sjukehusapoteket i Haugesund jobba mot skuleleiinga for å få det tilbake.
- Vi har jobba over tid med å få til eit samarbeid med Karmsund vidaregåande skule her i Haugesund, som har VG3 Apotekteknikarlinje. Målsetjinga vår har vore å få produksjon av legemiddel inn som tema i undervisninga igjen. No dukka det opp ei moglegheit for å få dette inn i ny læreplan, og det har vi klart å få til, fortel apotekar ved Sjukehusapoteket i Haugesund, Lene Svanberg Jakobsen.
I februar fekk dei første elevane ved apotekteknikarlinja undervisning og praktisk øving på apoteket i Haugesund.
- Både apotekteknikarar og farmasøytar ved Sjukehusapoteket i Haugesund var med i undervisningsopplegget. Tilbakemeldinga frå elevane var veldig positive. Dette var noko dei ikkje hadde vore borti eller fått undervisning i tidlegare, seier Lene.

Elevane fekk detaljerte instruksjonar av apotekteknikarar og farmasøytar.
Elevane fekk prøve seg på opptrekk og tilsetning til infusjonsvæsker, i tillegg til at dei fekk øve seg på å ta på seg sterile hanskar og observere korleis apotekteknikarane jobba i produksjonsromma medan dei laga cytostatikakurer og smertepumpar. Stemninga var god og elevane så ut til å ha det kjekt.
- Gøy å prøve noko ekte og på skikkeleg, var det fleire som sa.
Apotekteknikarane, Linn Mariann Våge Myrvoll og Mia Steensnæs Morland stod for undervisninga i opptrekk og hansketeknikk. I tillegg let dei elevane teste hender etter reingjering med sjekk i UV-lys. Elevane fekk òg tatt avtrykk på agarskåler som dei har fått med seg til dyrking på skulen.
Farmasøyt, Sølvi Søreide underviste elevane i Mikrobiologi, lokale og LAF-einingar og aseptisk arbeidsteknikk på skulen.
- Vi har med dette fått vist at vi er meir enn et vanlig apotek og håpar å ha fått sådd nokre frø om at det å jobbe i sjukehusapotek gir mange moglegheiter.

Fra venstre: Sølvi Søreide (farmasøyt), Linn Mariann Våge Myrvoll (apotektekniker), Mia Steensnæs Morland (apotektekniker)