Legemiddelberedskapslageret: - Vi har allereie avverja mangelsituasjonar

Det nasjonale legemiddelberedskapslageret har allereie vore med på å avverje mangelsituasjonar. – Pasientane slepp å få høre «beklagar, vi kan ikkje hjelpe deg for vi får ikkje tak i medisinen din».

​Sommaren 2020 vedtok regjeringa å opprette eit nasjonalt legemiddelberedskapslager. Arbeidet blir leia av Sjukehusapoteka Vest. I vinter gjekk prosjektet, som går under namnet B180, frå prosjekt til drift og er no organisert som ein eigen seksjon med to rådgjevarar, ein controllar og seksjonsleiar, Quynh Le ved roret.

Dei første månadene har gått med til å fylle opp legemiddelberedskapslageret og ha dialog med grossistar og andre samarbeidspartnarar. Skulle det oppstå ein krisesituasjon skal legemiddellageret kunne forsyne Noreg med seks månader med legemiddel.

- Noko av det vi jobbar med no, er at vi ser på fyllingsgraden i dei ulike lagera og eventuelt kjøper inn dersom det er naudsynt. Vi må heile tida justere etter behovet. Det kan vere ting som dukkar opp, fortel Quynh.

Reint fysisk er lageret fordelt på dei tre største grossistane her i Noreg. Ei taktisk avgjerd for å spreie risikoen, i tilfelle grossistane skulle ha eit uhell eller av andre årsakar ikkje klarer å stå for lagerhaldet. Legemiddelberedskapslageret fungerer som eit rullerande lager, slik at ting ikkje går ut på dato. 

- Det er ein av dei viktigaste essensanse i modellen vår. Det vil vere ein stor kostnad dersom vi ikkje har eit system som vedlikehaldar det godt nok, og vi må begynne å kassere legemiddel fordi dei har gått ut på dato. 

Testa i praksis

Legemiddelmangel har vore ei stor utfordring dei siste ti til femten åra, og koronapandemien har gjort situasjonen ekstra vanskeleg.

- B180 kan vere med på å avverje desse situasjonane, slik at pasientane slepp å få høyre «beklagar, men vi kan ikkje hjelpe deg, for vi får ikkje tak i legemiddelet du treng», seier Quynh.

- I tillegg til å dekke behovet nasjonalt gjer legemiddellageret vårt det mogleg for oss å bistå andre land i krise. Dei siste vekene har til dømes vore ganske hektiske, fortel ho.

Ho avslørar at legemiddelberedskapslageret allereie har vore med på å avverje mangelsituasjonar.

- Det har vore ulike legemiddel kor vi har hatt manglande tilgang. Anten fordi det har vore ein forsyningssvikt eller fordi at leverandøren ikkje har klart å produsere nok. Då har vi kunna frigjere ein viss mengde til bruk, fram til vi får ny forsyning.