Kva hud-type har du?

Det er alltid viktig å verne seg for sola. Nokon blir lett solbrend mens andre kan tole sola litt betre.

Foto: colourbox.com

​Hudtypen blir kjenneteikna ved fleire trekk, blant annan hårfarge og graden av lys hud. Ein skil ofte mellom fire ulike hudtypar.

Hud-type 1

  • Lys hud, ofte med frekner
  • Blondt eller raudtona hår
  • Blå eller grøne auge
  • Huda er ekstremt sensitiv for sol, blir alltid solbrend, og det er vanskeleg for å bli brun
  • Bruk heller sjølvbruningskrem dersom det er viktig for deg å få ”farge”

Hud-type 2

  • Lys hud, men litt mørker enn hud-type 1
  • Blondt eller mørkt blondt hår
  • Blå auge
  • Huda er sensitiv for sol, har vanskeleg for å bli brun og blir lett solbrend

Hud-type 3

  • Litt mørkare hud
  • Mørkt blondt eller brunt hår.
  • Fleire augefargar
  • Huda er berre delvis følsam for sol, har lett for å bli brun, og brunfargen sit i lenge

Hud-type 4

  • Lys brun hud
  • Mørkt brunt eller svart hår
  • Mørke auge
  • Huda er robust, blir lett brun og brunfargen sit lenge


Sjukehusapoteket kan gje råd om riktig solpleie tilpassa din hud-type.