Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Husk å sjekke brysta

Vi i Sjukehusapoteka Vest retter òg fokuset mot brystkreft i oktober. Brystkreft er den hyppigaste kreftforma hos kvinner og rammer 3000 kvinner kvart år.

Publisert 26.09.2016

Ei av tolv norske kvinner vil utvikle brystkreft i løpet av livet så det er særs viktig med regelmessig kontroll av brysta. På nettsidene kreftforeningen.no kan du sjå korleis du undersøkjer deg sjølv.

Takka vere forsking på behandling og tidlig oppdaging av brystkreft overlever fleire enn tidlegare. Sjå rosasloyfe.no for meir informasjon om kva dette betyr for deg.

Spør oss på Sjukehusapoteka Vest dersom du ynskjer rettleiing til korleis du kan førebyggje og lindre biverknader av kreftbehandling eller andre medisinar. Du kan òg spørje oss om råd dersom du ynskjer andre apotekvarer og trygge velværeprodukt som passar deg og behova dine.


Nyttige lenker

Les meir på nettsidene til Kreftforeningen
Les meir på nettsidene til Rosa sløyfe-aksjonen