Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Hugs å rydde i medisinskapet

Undersøkingar viser at svært mange av oss sjeldan ryddar opp i medisinane våre. Dette kan ha uheldige konsekvensar.

Publisert 24.08.2016

​Fare for forveksling

Oppbevaring av gamle medisinar aukar faren for uhell og forvekslingar i heimen.Det skjer også uhell der barn får i seg medisinar som dei har funne heime.
 

Negativt for miljøet

Medisinar består av biologiske stoff som påverkar levande organismar.Derfor skal medisinar aldri kastast i søppela, blir ned skyld i vasken eller toalettet.
 

Lever medisinane til apoteket

Alle apotek tek imot gamle og ubrukte medisinar, og sørger for at dei blir destruerte på måte som ikkje er til skade for miljøet.
 

Gode ryddetips:

  • Fjern medisinar du ikkje treng, ikkje husker kven tilhøyrer eller kva dei skal brukast mot, eller medisinar som er utgådd på dato
  • Oppbevar alltid medisinane i originalemballasjen og utanfor barn si rekkjevidde.Dei fleste medisinar skal lagrast tørt og i romtemperatur (nokre medisinar skal oppbevarast i kjøleskap, sjekk pakningsvedlegget/emballasjen).
  • Returner medisinar du skal kvitte deg med til apoteket.

For meir informasjon, sjå ryddskapet.no.