Ho blir apotekar på det nye apoteket vårt i Stavanger
På seinhausten 2025 opnar etter planen det nye Sjukehusapoteket Våland i Stavanger. No er det klart kven som blir leiar for det.

Marita Hanasand er tilsett i stillinga som apotekar. Ho er utdanna master i farmasi frå Universitetet i Bergen og har ti års erfaring som apotekar i det private. Marita har også bakgrunn som forskar i helseføretak og ei tilleggsutdanning innan økonomi og leiing.
-Eg er både glad og takknemleg for denne sjansen, og eg gler meg til å bli kjent med nye kollegaer, apoteket og oppgåvene våre, seier Marita, som startar i stillinga 1. oktober.
Administrerande direktør Tonje Folkvang er også godt nøgd med nytilsetjinga.
- Ho kjem til oss både med ein spennande bakgrunn og god og relevant erfaring, seier Tonje, som fortel at det var mange gode søkjarar til stillinga.
Etter planen opnar det nye universitetssjukehuset på Ullandhaug i Stavanger i november. Der flyttar også Sjukehusapoteket i Stavanger, som per no ligg på dagens sjukehusområde på Våland, med alle sine fire avdelingar.
I tillegg skal det framleis vere sjukehusdrift på dagens sjukehusområde på Våland. Og det er her vårt nye sjukehusapotek med namnet Sjukehusapoteket Våland skal vere.
Det blir eit apotek med seks-sju medarbeidarar fordelt på to avdelingar, publikum og sjukehusekspedisjon, likt det vi har i dag på Sjukehusapoteket Haraldsplass i Bergen.
Før sommaren blir det lyst ut både farmasøyt- og apotekteknikarstillingar, for å få på plass resten av bemanninga på Sjukehusapoteket Våland