Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Gunn-Therese og Margrete arrangerer konferanse om barn og legemiddel

Den årlege SPPG-konferansen er tilbake etter eit korona-avbrot. Konferansen blir arrangert i Bergen og byr på eit rikhaldig program.

Publisert 17.02.2023
Den skandinaviske konferansen blir arrangert den 16. og 17. mars og har fokus på legemiddel og barn. Gunn-Therese Sørland og Margrete Einen frå Sjukehusapoteka Vest utgjer lokal arrangementskomité.

- Det er ein konferanse for farmasøytar som jobbar med barn. Konferansen blir arrangert av ein organisasjon som heiter SPPG, som står for Scandinavian Paediatric Pharmacist Group. Vi er farmasøytar som jobbar i Noreg, Sverige og Danmark på barneavdelingar på sjukehus, fortel Gunn-Therese.

Konferansen er likevel open for alle som er interessert i å lære meir om barn og legemiddel.

- Eg trur konferansen vil vere nyttig for mange. Du får eit bra innblikk i temaet og får høve til å snakke med folk som kan noko om dei spørsmåla som du måtte ha. Eg trur det kan vere like interessant for tilsette i publikum, sjukehusekspedisjonen og produksjonsavdelinga, som for oss rådgjevingsfarmasøytar, seier Margrete.

- Vi er ikkje mange farmasøytar som jobbar med barn og legemiddel i Noreg, så det er derfor vi likar å samle oss med folk frå nabolanda, seier Gunn-Therese, som har plukka opp stafettpinnen etter tidlegare SAV-farmasøyt, Ingrid Grønlie, som var med å starte SPPG seint på nittitalet.

​​

Spennande program

På programmet til årets konferanse har Gunn-Therese fått tak fleire spennande føredragshaldarar. Mellom anna ein kjempepopulær førelesar frå England.

- Han er ekspert på dette med filterbruk på legemiddel til barn. Han har masse kunnskap og erfaring med dette, og det trur eg mange har lyst til å lære meir om. Han er ein slags filter-guru og i tillegg ein morosam type, fortel Gunn-Therese og avslører at Sjukehusapoteka Vest også er representert i programmet.

I tillegg til det faglege har konferansen også eit tydeleg mål om å bidra til nettverksbygging på tvers av landegrensene. På kvelden blir det derfor middag for alle deltakarane på nye Engen Restaurant og Bar.

- Konferansen er eit glimrande møtepunkt, der du kan treffe folk som kanskje kan noko som du sjølv ikkje kan. Det er jo litt av poenget med konferansen. Vi blir kjent med kvarandre og utvekslar erfaringar, fortel Gunn-Therese.

- Det står faktisk som eit mål i programmet faktisk at ein skal bli kjent med ein ny person, smiler ho.

Kunne du tenkje deg å delta? Les meir om konferansen på denne lenkja.

Påmelding sender du til: ​
gunn-therese.lund.sorland@sav.no

Et par kvinner smiler