Forsking, utvikling og innovasjon for å møte framtida

Spesialisthelsetenesta sine behov for kontinuerlig kvalitetsforbetring og betra ressursutnytting peikar ut retning for ny fagplan for forskings-, utviklings og innovasjonsarbeidet i Sjukehusapoteka Vest (SAV). Føretaket skal vektlegge medverking til forsking og utviklingsarbeid som støttar opp om kvalitet på legemiddelområdet.

​Fleire faktorar peikar ut retning for utvikling og innovasjon på legemiddelområdet. Auka del eldre, avansert legemiddelbehandling, antibiotikaresistens, legemiddelmangel, krav om betre ressursbruk og digitalisering er nokre av faktorane som verker inn. Retning for helsetenesta og forventa utvikling dei komande åra krev at SAV evnar å utvikle nye og forbetra produkt og tenester som gjev eit enklare og tryggare tilbod for pasientane og støttar opp om sjukehusa sine behov for legemiddel og legemiddelfaglig kompetanse. Dette krev at vi tilpassar kompetanseplaner og utviklar tenester, system og organisering som bidreg til rett og trygg legemiddelbruk i heile pasientforløpet.
Sjukehusapoteka Vest sin plan for FoU-arbeidet er ambisiøs. Den er godt forankra både i styre, leiargruppe og ute i organisasjonen. Finansiering av planen skal gå som del av dei ordinære budsjettprosessane i føretaket.

Fakta om forsking i Sjukehusapoteka Vest

Sjukehusapoteka Vest skal bidra til forsking, utvikling og innovasjon på legemiddelområdet og ta i bruk ny teknologi. Vi skal byggje på kompetansen og føresetnaden til heile regionen og ha et godt samarbeid med universitets- og høgskulesektoren, sjukehusa og andre relevante aktørar.

Forskings- og utviklingsarbeidet skal bidra til å realisere satsingane og tiltaka i Sjukehusapoteka Vest sin strategi og understøtte utviklinga av framtidsretta og innovative tenester. Vi skal utvikle og understøtte forskings- og utviklingsprosjekt som støttar opp om kvalitet på legemiddelområdet.

Om FOU-planen
Fagplan for forsking, utvikling og innovasjon bidrar til struktur, skapar retning og gjev auka aktivitet for forskings- og utviklingsarbeidet i Sjukehusapoteka Vest. Den er eit bindeledd mellom føretakets strategi og planar, dannar eit grunnlag for økonomiske disposisjonar.  

Prioriterte satsingsområde

I planperioden er tiltak for å legge til rette infrastruktur for forsking, utvikling og innovasjon i SAV eit prioritert område og sikre eit godt grunnlag for samarbeid, struktur og kompetanse. Dette inneber mellom anna etablering av prosessar, gode samarbeidsrelasjonar, kompetansebygging og plan for finansiering.

Legemiddelbruk og produksjon er løfta fram som tematiske satsingsområdar med bakgrunn i at dette er felt der SAV har eit spesielt ansvar for å bidra med ny kunnskap. I tillegg er det allereie etablert fleire eksisterande prosjekt og FOU-aktivitetar her, mellom anna knytt opp mot K2 ved Universitetet i Bergen.

Satsingsområdet digitalisering og tenesteinnovasjon tek utgangspunkt i behov som er identifisert i fagplanar for kvart verksemdsområde, styringsdokument og områder av stor verdi for realisering av pasienten sin helseteneste.

 

Forsking-fig1-1.PNG

Fig. 1: Satsingsmråder for FOU i Sjukehusapoteka Vest

 

Legemiddelbruk

Spesialisthelsetenesta har mål om å innføre lukka legemiddelsløyfe (LLS) og SAV skal støtte opp om dette arbeidet. Målet er å sikre rett legemiddel i rett dose til rett pasient til rett tid gjennom gode arbeidsprosessar, -flyt, kompetanse og IKT. Gode løysingar for legemiddellogistikk og kvalitet i legemiddelkjeda, frå produsent til pasient, skal bidra til auka tryggleik for pasientane. Innføring av LLS, med tilgjenge på legemidlar som eindose, kommunikasjonsteknologi, nye innovative transport- og forsyningsløysingar er viktige verkemiddel for å få til dette.

 

Film: Regionalt innovasjonsprosjekt leia av Helse Førde

SAV skal og bidra til forsking og utvikling som aukar kunnskapsgrunnlaget for antibiotikabruk og resistensutvikling i samarbeid med sjukehusa og andre aktørar.

Produksjon

Sjukehusapoteka Vest produserer meir enn 100.000 einingar med legemiddel kvart år, og ein stor del av desse er laga spesielt til den enkelte pasient. Mangel på legemiddel, auka behov og moglegheit for persontilpassa medisin vil i tida framover sannsynlegvis auke behovet for produksjon ytterligare. Dette vil krevje både auka kompetanse, forsking og stor grad av samarbeid med andre.

 


Digitalisering og tenesteinnovasjon

Innføring av teknologi skal bidra til trygg legemiddelbehandling gjennom betre ressursbruk og auka kvalitet av og tilgang til informasjon, kunnskap og tenester, samt betre bruk av ressursar.
Fleire eldre i tida som kjem, vil krevje både meir helsepersonell og auka effektivitet. Det krev òg utvikling av nye tenester og at sjukehusapoteka legg til rette for at sjukehuspersonell skal få meir tid til dei pasientnære oppgåvene.

Suksess med farmasøytar på intensivavdelingane i Stavanger

Medverknad og aktiv deltaking i eiga behandling er sjølve grunnsteina i pasienten sin helseteneste og digitale tenester for rådgjeving og oppfølging kan vere med på å realisere dette.