Desse har søkt på stillinga som administrerande direktør
Kven blir den nye administrerande direktøren i Sjukehusapoteka Vest? 15 personar har søkt stillinga.
Publisert 24.10.2023
Stillinga vart utlyst i første halvdel av september 2023. I utlysinga vart det søkt etter ein erfaren og drivande toppleiar. Fristen for å søke gjekk ut 16. oktober 2023.
Lene Svanberg Jakobsen har vore konstituert i stillinga som administrerande direktør sidan 8. juni 2023. Ho er også ein av søkjarane til stillinga.
Totalt er det 15 søkjarar til stillinga, to av dei har trekt sin søknad.
Styreleiar Helge Torgersen i SAV, som leiar tilsetjingsutvalet som skal finne den nye administrerande direktøren, seier dei arbeidar aktivt vidare med tilsetjingsprosessen, med mål om å vere ferdig med den før jul.
Her er søkjarlista:
Søkjar nr. | Namn | Noverande stilling | Alder | Kjønn | Bustad |
1 | Monica Dybwad | Gartnar | 47 | K | 1357 Bekekstua |
2 | Ksenia Kotokova | Apotekar | 38 | K | 35220 Växsjö |
3 | Nirojhan Rishananthan | Vektar | 26 | M | 2020 Skedsmokorset |
4 | Glenn Hole | Associated Professor | 46 | M | 3021 Drammen |
5 | Ane Raquel Monteiro | Avdelingsleiar | 52 | K | 1337 Sandvika |
6 | Tonje Folkvang | Fagsjef for kvalitet og pasienttryggleik | 42 | K | 4051 Sola |
7 | Lene S. Jakobsen | Konstituert administrerande direktør | 48 | K | 5529 Haugesund |
8 | Nikola Kubra | Lønnskonsulent | 26 | M | 0178 Oslo |
9 | Unntatt offentlegheit | K | |||
10 | Christer Bakke Frantzen | Fag og utviklingsdirektør | 46 | M | 5099 Bergen |
11 | Quynh Le | Leiar for Nasjonalt legemiddelberedskapslager | 44 | K | |
12 | Unntatt offentlegheit | M | |||
13 | Kandidat har trekt sin søknad | ||||
14 | Unntatt offentlegheit | M | |||
15 | Kandidat har trekt sin søknad |