Disputas: Bruk av legemiddel og prognose hos personer med demens
Forskinga til Ragnhild Djønne Østerhus har medverka til å auke kunnskapen om bruk av legemiddel og prognose relatert til sjukehusinnlegging og død hos personer med mild demens. Studien hennar visar at pasientar med demens har fleire innleggingar og auka dødelegheit samanlikna med personar utan sjukdommen.
Fleire innleggingar og auka dødelegheit blant pasientar med demens
I studien har Østerhus sett spesielt på dei pasientane som hadde nyleg fått diagnosen mild Alzheimers sjukdom og Lewylegeme demens. Det har vore særskilt fokus på dei pasientane som nyttar fem eller fleire legemidlar, psykotrope legemidlar, som antidepressiva, antidemensmidler og antipsykotika, og uheldige kombinasjonar av desse legemidla. Vidare jobba ho med data over innleggingar og død blant desse pasientane.- Forskinga visar at pasientar med demens har fleire innleggingar og høgare dødelegheit samanlikna med dei som ikkje har demens. I tillegg så såg vi at dei med Lewylegeme demens hadde kortare tid til første innlegging på sjukehus, fleire liggedøgn og kortare levetid etter at diagnosen var stilt samanlikna med pasientar med Alzheimers sjukdom, fortel Østerhus.
Nær halvparten av pasientane nytta fem eller fleire legemidlar, og 45 prosent nytta minst eitt psykotropisk legemiddel.
- Det var få pasientar som nytta legemiddel som var ikkje var potensielt føremålstenleg eller nytta uheldige kombinasjonar av legemiddel, fortel ho.
Disputas
Ragnhild Djønne Østerhus er ansatt ved Sjukehusapoteket i Stavanger og jobbar som farmasøytisk rådgivar i Helse Stavanger. Den 30.oktober disputerer ho for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Medication use and Prognosis in People with Alzheimer’s Disesase and Lewy Body Dementia – hospitalization and mortality”.Disputasen er digital og kan følgjast via Zoom. Sjå lenke her: https://www.uib.no/nye-doktorgrader/139457/legemiddelbruk-og-prognose-hos-personer-med-demens
Om demens
Demens er eit omgrep på fleire hjernesjukdommar som opptrer i høg alder og som førar til kognitiv svikt. Ein meiner at det er nærare 80 000 personer med demens i Norge, og at om lag 10 000 nye personer får sjukdommen kvart år.
Symptoma på sjukdommen varierer, men det viktigaste teiknet er sviktande hukommelse.
Forskjellen mellom Alzheimers og Lewylegeme
Lewylegeme demens: Typiske symptom er langsame rørsler, skjelvingar, og stivleik i kroppen. Veldig vanlig at symptoma varierer mykje. Både frå dag til dag og i gjennom dagen. Etter kvart oppstår problem med hukommelse, mestringssvikt og språkproblem.
Alzheimers sjukdom: Typiske symptom er problem med hukommelse, sviktande evne til å orientere seg og språkproblem. Både unge og eldre kan få Alzheimers sjukdom, men det er meir vanleg hos eldre menneske.
Kilder
Helsenorge.no
www.uib.no
Nasjonalforeningen.no