Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kva utdanning treng du for å jobbe i Sjukehusapoteka Vest?

Vi har rundt 90 apotekteknikarar og 80 farmasøytar som er tilsett hos oss. Begge gruppene er autorisert helsepersonell.

Autorisasjon som apotekteknikar får du etter tre år på vidaregåande skule. Som apotekteknikar har du ansvar for å informere om riktig bruk av legemiddel, samt å produsere legemiddel på sjukehusapoteka.

Tittelen farmasøyt brukast ofte som ein fellesnemnar for yrkestitlane provisor- og reseptarfarmasøyt. Etter 3-årig bachelorutdanning får du autorisasjon som reseptarfarmasøyt. Gjennomfører du i tillegg ein 2-årig mastergrad får du autorisasjon som provisorfarmasøyt.

Meir informasjon finn du på utdanning.no

Sist oppdatert 06.12.2024