Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Personvern

Personvern handlar her om korleis nettsida samlar inn og nyttar informasjonen frå dei som besøkjer den.

Generelt

Personvernerklæring for Sjukehusapoteka Vest – behandling av personopplysningar i føretaket.

Ansvar for nettstaden

Dataansvarleg

  • Dataansvarleg er Sjukehusapoteka Vest HF.

Databehandlar

  • Databehandlar er Norsk Helsenett SF.

Norsk Helsenett er ein nasjonal tenesteleverandør og ansvarleg for utvikling og forvaltning av nettstaden. Opplysningane som blir samla inn i løysinga, blir lagra i ei skyløysing levert av Optimizely.

Lagring

E-post

På nettsida er det lenker for å sende e-post. Når du sender ei melding, vil namn, e-postadresse og kva du skriv om i meldinga, bli lagra i e-postsystemet til føretaket. Det er derfor viktig at det ikkje blir oppgjeve sensitiv informasjon eller personopplysningar i e-posten, til dømes fødselsnummer og personopplysningar.

Tilbakemeldingar

Du kan gi tilbakemeldingar på nettsidene via skjemaet «Fant du det du leita etter?». Skjemaet er tilgjengeleg på utvalde sider på nettstaden vår. Tilbakemeldingane blir brukt som innspel til forbetring og utvikling av nettsidene.

Dersom du legg inn telefonnummer, fødselsnummer eller e-postadresse, blir desse opplysningane automatisk sletta før innsending. Vi som mottar tilbakemeldinga får derfor aldri denne typen opplysningar. Det er ikkje mogleg å spore tilbakemeldingane tilbake til enkeltpersonar.

Besøksstatistikk​​

Nettstaden lagrar trafikk- og besøksstatistikk i ei løysing levert av Matomo. Statistikken viser kor mykje kvar enkelt del av nettstaden blir besøkt. Vi kan ikkje spore di bruk av nettstaden tilbake til deg som enkeltperson.

Døme på informasjon som blir lagra, er tal besøkande på dei ulike sidene, kva nettsider dei kjem frå, kor lenge dei er på nettstaden, og kva nettlesarar som blir brukt. Informasjonen som blir lagra, blir nytta til å forbetre og utvikle tilbodet og innhaldet på nettstaden kontinuerleg.

Lagring av ​​søkeord

Nettstaden lagrar informasjon om kva søkeord dei besøkande brukar. Hensikta med dette er å forbetre informasjonstilbodet vårt. Vi kan mellom anna finne ut kva søkeord som gir treff og kva søkeresultat dei besøkande vel. Det er berre søkeorda som blir lagra, og dei kan ikkje koblast til andre opplysningar om dei besøkande.

Lenker til ekst​​erne nettsider

På nettstaden finn du lenker til andre organisasjonar og verksemder. Personvernerklæringa på denne nettstaden dekkjer ikkje andre nettsider. Når du besøker andre nettsider, må du rette deg etter retningslinjene som gjeld for den aktuelle nettstaden.

Lovregulering

Personopplysningslova inneheld reglar for korleis personopplysningar som blir samla inn, vil bli handsama, korleis dei blir tryggja, kven som har tilgang til opplysningane, og om dei blir utleverte til andre.

Klage

Viss du meiner at behandlinga av personopplysningar ikkje stemmer overeins med det som er skildra her, eller at vi på anna vis bryt personvernlovgivinga, kan du klage til Datatilsynet.

Du finn informasjon om korleis du kan kontakte Datatilsynet på tilsynets nettsider: www.datatilsynet.no.

Sist oppdatert 11.05.2023