Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Foretakssamlinga

Her finn du programmet for samlinga på Solstrand. Vi tar atterhald om både eventuelle endringar og feil. Programmet blir oppdatert forløpande. 

​​​​Den 1. oktober 2022 er det duka for føretakssamling for medarbeidarar i Sjukehusapoteka Vest. ​Her er diverse praktisk informasjon om samlinga og ei oversikt over kven som har meldt seg på. 

Her finn du deltakarlista for samlinga (oppdatert 30. september 2022)

Deltakarliste 

QR-kode
Når du har registrert deg og fått namneskiltet ditt til konferansen vil du leggje merke til at namneskiltet ditt har ein farga sirkel med ein bokstav inni. Totalt finst det åtte ulike bokstavar, som til saman utgjer eit ord. 

Snakk med andre deltakarar og samle bokstavar. Dersom du klarar å finne fram til ordet kan du vinne ein flott premie.  

OBS: Det er fem fargar og åtte bokstavar, så deltakarar med same farge som deg kan framleis ha ein annan bokstav. ​

Send svaret til 975 49 831 (Bernt Flekke)


NÅR 

​KVA 

​KVAR

​09.30 

​Registrering, kaffi, mingling

​Hotellobby

​10.30

​Start fagleg program.

Velkommen ved Jon Bolstad, administrerande direktør i SAV.

Introduksjon ved møteleiar

​Plenumssal

​10.50

​"Det store bildet - sentrale trekk som formar oss" ved Christer Bakke Frantzen, fag- og utviklingsdirektør i SAV

​Plenumssal

​11.15

​Pause

​11.35

​"God for seg gjer oss betre saman" ved Ingvard Wilhelmsen

​Plenumssal

​12.30

​Lunsj


13.35​

​Parallelle sesjonar

Forsamlinga delar seg i fem grupper som rullerer rundt på fem ulike sesjonar - som kvar varer cirka 15 minutt

1. Salver og kremar. Nyvinning og klassisk farmasi.

Ved Ragnhild Haugse, avdelingsleiar steril og ikkje steril, Sjukehusapoteket i Bergen

2. Fire overordna mål vi må vere gode saman på framover i SAV. 

Ved Christer Bakke Frantzen, fag- og utviklingsdirektør.

3. Risikområdet legemiddel (ROMLE)i Helse Vest - korleis handtere legemiddel endå betre for å redde liv og unngå alvorlege skader.

Ved Tonje Folkvang, prosjektleiar ROMLE 

4. Legemiddelinnkjøp til spesialistehelsetenesta: Kva er det, kva er det å spare og kva betyr det for oss i SAV?

Ved Steinar Vik, rådgjevar i SAV

5. Tenesteutvikling saman med sjukehusa

Ved Barbara Bang, apotekteknikar AFT Sjukehusapoteket i Stavanger, og Randi Elisabeth Nyhammer-Taklo, fagsjef AFT i SAV. 

​Diverse rom:

Blå gruppe startar i Waalersalen (Leiar: Birgit Marie Berg)

Grøn gruppe startar i Melderskinn (Leiar: Stein-Erik Knapstad)

Raud gruppe startar i Høgholmen (Leiar: Ragna Strømman)

Gul gruppe startar i Sommerstuen (Leiar: Beate Gilleshammer)

Lilla gruppe startar i Plenumssalen (Borgsalen) (Leiar: Hans Christian Svendsen)

​Sjå ruteplan her. ​


​15.45

​Lørdagsrådet

Nokre utvalde i SAV tar stilling til ulike problemstillingar på scena
​Plenumssal
​16.25​
Dagen så langt 

Kort oppsummert av Jon Bolstad

​Plenumssal​

​16:30
​Pølsefest for dei som vil det
Tre serveringsstader: ​Havestuen, baren, lobby/resepsjon

​16.30 - 20.00
​Eigentid - Hotellets fasilitetar kan nyttast


​19.15
​​Aperitif
- Photobooth tilgjengeleg
​Plenumssal

​20.00
​Festmiddag med litt program
(Pent antrekk. Fritt bordsete)

Sjå menyen her
​Plenumssal (same som før på dagen)

​22:35
DJ i baren
Og etter kvart moglegheiter for karaoke.

Baren stengjer klokka 01.00​
​Baren

Første helga i oktober samlast nesten 200 i Sjukehusapoteka Vest til fagleg og sosialt treff Solstrand. Den raude tråden på samlinga får namnet "Gode saman".​

- Vi har fått mange innspel til kva samlinga kunne handle om. Fleire av dei peika i ei retning som vi fann ut vi kunne samle under overskrifta "Gode saman", seier Kristine Hatlestad, produksjonfarmasøyt på Sjukehusapoteket i Bergen og med i arrangementskomiteen til samlinga. 

Sjå Gode saman frå fleire perspektiv

Kristine fortel at ein skal prøve å sjå "Gode saman" frå fleire perspektiv i løpet av laurdagen på Solstrand. 

- Det kan jo eigentleg bety så mykje. Det kan vere kva vi har vore gode saman på før, kvar og kva vi treng å vere gode saman på i framtida, korleis vi kan vere gode saman og meir til. 

Ho legg til at ein del av poenget med temaet også er å skape refleksjon rundt kva gode saman kan bety for oss.

- Det er sjølvsagt begrensa kor breitt og djupt vi kan gå inn i dette i løpet av ein dag, men kanskje kan vi bidra til å så nokre gode frø, smiler ho. 

Kristine likar elles å ta bilde på fritida, og på Solstrand blir ho også å sjå høgt og lågt som samlinga sin fotograf. 

I utgangspunktet er ikkje rom ledig/klar for innsjekk før etter kl 15.00 (hotellet har ein del gjester dagen før og rom må klargjerast). Det er likevel ok å sjekke inn når ein kjem, og gjerne i ein pause eller i samband med lunsj, spør i resepsjonen om rom evt. er ledig. 

Bagasje

​Hotellet har eit bagasjerom kor koffertar kan plasserast, samt vil settje av eit (oppmerka) område i baren som kan brukast.

I heile Helse Vest har ein innført ein policy som tilseier at Sjukehusapoteka Vest som arbeidsgjevar ikkje lenger dekkjer alkohol under middagen.

Du som deltakar kan likevel bestille fleire einingar med eller utan alkohol under middagen - i så fall betalar du for det sjølv.

Alkoholservering i bar står også alle fritt til å bruke for eigen rekning. ​



Vi har valt ein varm grønfarge for årets føretakssamling. Fargen speiglar dei kvalitetane som ein treng for å vere gode saman. ​




Sist oppdatert 01.10.2022