Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Miljøpolitikk i SAV

SAV skal vere ein miljøbevisst organisasjon. Miljøpolitikken i SAV skal bidra til å sikre at drifta av sjukehusapoteka gjev minst mogleg uønska effektar på miljøet.

Miljøpolitikken skal sikre at vi arbeidar med miljø- og klimautfordringar for å sikre at drifta vår gjev minst mogleg uønskte miljøeffektar og gjennom dette ivareta sanfunnsansvar og fylle nasjonale ambisjonar. 

Vi skal handtere varene vi omset og innsatsfaktorane som inngår i produksjonen på ein måte som sikrar kontroll. Samarbeidspartar og kundar skal informerast om vår forståing av kva miljørisikoar som følgjer framstilling og bruk av legemiddel.

Miljøpolitikken skal sikre at SAV forvaltar miljøutfordringane til beste for tilsette, kundar og samarbeidspartar.

For å oppnå desse ambisjonane skal vi jobbe internt, mot leverandørar, kundar og produsentar. 

  • Jobbe for opppnå mål i spesialisthelsetenesta om å redusere CO2-utslepp med 40% innan 2030. 
  • Forplikte oss til kontinuerleg forbetring for å redusere påverknad på ytre miljø gjennom aktiv bruk av styringssystem og planverk. 
  • Kontinuerleg samle inn, vurdere og rapportere miljøeffektar av drifta vår. 
  • Sikre fagleg kompetente og miljøbevisste medarbeidarar. 

  • Stille miljøkrav til leverandørar

  • Gjere informasjon om moglege effektar på miljø ved bruk av legemidlar tilgjengeleg for kundar
  • Bidra til effektiv bruk og handsaming av legemiddel

  • Bidra til å påverke produsentleddet til produksjon av legemiddel som er i tråd med FN sine berekraftsmål. 

Klimanøytralitet inneber at verksemda ikkje slepp ut meir klimagass i atmosfæren enn det verksemda greier å fange opp eller fjerne. Marknaden for tiltak for å utligne utslipp er i utvikling. Døme på tiltak; auka karbonopptak frå skog og teknologi for fjerning av karbon frå atmosfæren.  

Kort om hovudmålet

40 prosent utslippskutt innan 2030 har utgangspunkt i referanseåret 2019. Dette tilsvarar ein reduksjon på ca. 175 000 tonn CO2-ekvivalentar (CO2e) for spesialisthelsetenesta innan 2030. 175 000 tonn CO2e tilsvarar det årlege utsleppet til 12 500 nordmenn.  

Felles klimarekneskap for spesialisthelsetenesta delast inn i fire utsleppskategoriar: 

Indikatorar

Måloppnåinga skal følgjast opp ved hjelp av indikatorar. Forklaring av desse indikatorane finn du her

 

Sist oppdatert 23.10.2024