Målretta arbeid med å redusere miljøavtrykk i Sjukehusapoteka Vest

Vi har eit felles ansvar for å sikre berekraftig ressursbruk. For å bidra til auka merksemd på ytre miljø og for å sikre kontinuerleg forbetring er det implementert eit leiingssystem for miljø i Sjukehusapoteka Vest basert på den internasjonale miljøstandarden ISO 14001:2015.

​Sjukehusapoteka Vest (SAV) skal medverke til trygg bruk av legemidlar, og levere varer og tenester av beste kvalitet til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Måla våre skal vi nå gjennom gode prosessar som byggjer opp om kvalitet, helse, miljø og tryggleik (KHMT).

SAV skal vere ein miljøbevisst organisasjon. Miljøstandarden ISO 14001 krev at det blir organisert og lagt til rette slik at det er tydeleg kva resultat som er forventa av det enkelte tiltak innanfor dei målsetningane som er sett. Difor har vi høg merksemd på konkrete satsingsområder, vi har konkrete mål innan kvart satsingsområde, og vi dokumenterer innsats og måloppnåing.

Korleis vi jobbar for å redusere føretaket sitt miljøavtrykk

SAV sin miljøpolitikk skal bidra til å sikre at drifta av sjukehusapoteka gjev minst mogeleg uønskte effektar på miljøet. Vårt arbeid med legemiddelproduksjon og sal av legemiddel og andre varer skal sikre at påverknad på ytre miljø bli redusert. Våre ulike samarbeidspartnarar og kundar skal vere informert om vår eiga forståing av dei miljøaspekt som følgjer av framstilling og bruk av legemiddel.
- Vi kartlegger miljøaspekt for all aktivitet, produkt og tenester, og vurderer konsekvens og negativ påverknad som føretaket sin drift har på miljøet. På bakgrunn av kartlegginga fastsett føretaket miljømål og handlingsplan for oppfølging av miljømåla, seier Eli Aasvær, kvalitetsleiar i SAV.

Eli Aasvær

Kvalitetsleiar Eli Aasvær

Miljømål

Miljømåla delast i fire hovudgrupper:

Ha miljømedvitne medarbeidarar

  • Medarbeidarar har bestått e-læringskurs miljø og svanemerka produkt
  • Auke medvit rundt eiga rolle i miljøarbeidet, med merksemd på kva den enkelte kan bidra med

Redusere føretaket sin miljøpåverknad

  • Redusere mengda varer som må avhendast grunna skade (brekkasje) eller brukstid

Redusere miljø- og klimapåverknad av anskaffing

  • Inkludere miljø i 2. parts revisjonar av leverandørar
  • Inkludere kriterium for miljø i prosjektplanlegging og -gjennomføring

Være bransjeleiande på miljøvenleg produktutval og rådgjeving

  • Auke del av miljømerka produkt i publikumsavdelingane sitt vareutval

Vurdering av miljøpåverknad styrer retning på miljøarbeidet

Samfunnet sin forventing til berekraftig utvikling, transparens og ansvar har utvikla seg dei siste åra. For å nå målsetting om berekraftig utvikling er balanse mellom miljø, samfunn og økonomi avgjerande. Difor har vi utvikla ei systematisk tilnærming til føretaket sitt arbeid med miljøforvaltning gjennom å implementere eit leiingssystem for miljø.
- For å medverke til miljøsøyla i berekraftomgrepet har SAV vurdert kva aktivitetar, produkt og tenester som har den største miljøpåverknaden og kor i vår verksemd potensial for dei største miljøforbetringane ligg. Desse områda blir gjeve høg merksemd og blir prioritert på alle nivå i verksemda i tida framover, seier Aasvær.

 

Fann du det du leita etter?