Kvalitetsstandard

Sjukehusapoteka Vest legg stor vekt på å drive verksemda i tråd med lov og forskrift. Vi følgjer bransjestandarden for god apotekpraksis som er ein kvalitetsstandard for apoteka si kjerneverksemd.

God apotekpraksis

God apotekpraksis er apotekbransjen sine krav som hjelper til å sikre varer og tenester av høg kvalitet. Pasienttryggleik og pasientorientering er førande prinsipp i standarden.

God apotekpraksis gjer det mogleg for pasientar/kundar og styresmakter å sjå til at bransjen oppfyller sine eigne krav.

System for styring

Sjukehusapoteka Vest har eit strukturert system for å beskrive og styre
verksemda. Dette gjer oss i stand til å jobbe med kontinuerleg forbetring og hjelper til med å sikre ein einsarta kvalitet på tvers av avdelingar og apotek.