Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Sjukehusapoteka Vest

Medisinstart

«Medisinstart» er ei ny teneste i apotek som tek sikte på å sikre riktig bruk av legemiddel. «Medisinstart» er i første runde ein klinisk studie som skal gjennomførast frå oktober 2014 til sommaren 2015. Målet er ei permanent ordning finansiert av staten.

«Medisinstart» er ein personleg samtale mellom farmasøyt og legemiddelbrukar. Tilbodet skal gjevast til pasientar som startar opp med eit nytt legemiddel for første gong. For å undersøke effekten av «Medisinstart» har Apotekforeningen og APOKUS gått saman om å setje i gong ein open, randomisert, kontrollert studie der 60 apotek deltek. Målet er å inkludere 1500 pasientar, i gjennomsnitt 25 pasientar per apotek. I studia involveres nye brukarar av blodfortynnande, blodtrykksenkande og kolesterolsenkande legemidlar.

Aktuelle pasientar får tilbod om å delta i studia når dei kjem på apoteket for å hente ut legemiddelet for første gong. Pasienten må vere over 18 år, forstå kva studia går ut på, og gje sitt samtykke. Dei som er villige til å delta blir gruppert i ei intervensjonsgruppe og ei kontrollgruppe. Intervensjonsgruppa skal ha to samtalar på omlag 15 minutt med farmasøyt. Den første samtalen blir gjennomført fysisk på apoteket 1-2 veker etter oppstart. Den andre samtalen blir utført via telefon 3-5 veker etter oppstart. I samtalen skal farmasøyten følgje opp bruken av det nye legemiddelet, med fokus på inntak av legemiddelet og eventuelle biverknadar. I etterkant av samtalane sendar APOKUS ut spørjeskjema til pasientane om bruk av legemiddelet m.m. Det vil og bli tatt ut data frå reseptregisteret for å sjå på uttak av legemiddelet og om dette stemmer overeins med gitt dosering. Pasientar i kontrollgruppa vil ikkje få vidare oppfølgjing frå apotek. Dei mottek eit spørjeskjema fra APOKUS, og det vil og bli henta ut reseptstatistikk med omsyn til legemiddelforbruk.

«Medisinstart»-studia er godkjent i alle formelle organ, og oppstart er planlagt i oktober. Målet med studia er å vise at tett oppfølgjing frå farmasøyt i oppstart av behandling fører til større etterleving hos pasienten. Feil legemiddelbruk er eit anerkjent problem, og har både kliniske og økonomiske konsekvensar. På sikt håpar ein at studia vil vise at apoteka fortener ei tydelegare og meir formell rolle i det norske helsevesenet. Under følgjer ei oversikt over tidslinja til prosjektet:​

Gjennomføring

​2013

​Norske apotek gjennomførte prosjektet «Nye blodfortynnende legemidler 2013», der alle pasientar som gjekk over frå å bruke warfarin (Marevan) til nye perorale antikoagulantia (NOAK) fekk info på apotek. 22 000 samtaler ble gjennomført i løpet av prosjektet.​

2013

Pilot «Medisinstart» der målet var å utvikle mal for «Medisinstart» og samle erfaringar. 8 apotek deltok.​

2014/2015

​Undersøke effekt «Medisinstart». Utprøving og dokumentasjon av tenesta «Medisinstart». 60 apotek skal delta, deriblant alle dei fire apoteka i SAV.​

2016

Målsetning: «Medisinstart» blir innførd som ei ny nasjonal teneste i apotek.

 

Alle dei fire apoteka i Sjukehusapoteka Vest er med i studia. Me meiner det er viktig å bidra til at denne typen tenester får ein permanent plass i norske apotek. Dette er ein unik sjanse til å utvikle det faglege tenestetilbodet i apoteka, og som sjukehusapotek har me eit sterkt fagleg fokus. Dette er ein god mulighet for farmasøytane våre til å bruke faget aktivt, til beste for pasienten. Engasjementet rundt studien er stor blant våre tilsatte, og me er trygge på at tenesta vil bli godt motteke av apotekkundane. Me har stor tro på denne studien og resultata som vil komme i kjølvannet av denne. 

Meir informasjon finn du på apotek.no

Sist oppdatert 21.08.2016