Sjukehusapoteka Vest støttar opp om forskings- og utviklingsaktivitet på ulike område. Føretaket har avtale med forskingsmiljø knytt til utvikling av nye legemiddelformer og innafor pasienttryggleik.
Forskings- og utviklingsarbeid i føretaket vert utført av tilsette, masterstudentar frå farmasøytutdanningane og stipendiatar. Våre prosjekt er utvikla og vert drive i samarbeid med eksterne samarbeidspartar som til dømes universitet og sjukehusforetaka.
På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet lagar dei fire regionale helseføretaka kvart år rapporten «Forskning og innovasjon til pasientens beste – Nasjonal rapport fra spesialisthelsetjenestene».

Sist oppdatert 26.05.2023