We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Sjukehusapoteka Vest

Utenlandske tilsette

Ved tilsetting blir det stilt dei same krava til utanlandske borgarar som norske.

  • Du må kunne kommunisere på norsk - både skriftleg og munnleg.
  • Du må kunne vise fram gyldig opphalds- og arbeidsløyve
  • Du må framvise autorisasjon der det er eit krav.
  • Du må framvise Politiattest til stillingar der dette er eit krav​, (gjeld Sjukehusapotekar)
  • Du må framvise Rett dokumentasjon på vaksinasjon

Hovudreglar opphaldsløyve for arbeid:

  • EØS-borgarar (EU og EFTA) kan registrere seg i Noreg i staden for å søke opphaldsløyve for arbeid. EØS-borgarar skal registrere seg viss dei skal opphalde seg og arbeide i Noreg i over tre månader. Det er politiet som administrerer denne ordninga.
  • Nordiske borgarar har opphaldsløyve for arbeid i Noreg.
  • Statsborgarar utanfor EØS må som hovudregel søke opphaldsløyve.
  • Har du mellombels opphaldsløyve for arbeid må du opplyse om dette til arbeidsgivaren din. Løyve må fornyast seinast ein månad før det går ut.
  • Skjema for registrering og søknad om opphaldsløyve for arbeid i Noreg finn du på UDI sine nettsider.
  • Opplysingar om skattekort og ID-kontroll, krav til dokumentasjon og søknadsskjema finn du på Skatteetaten sine nettsider eller nettsidene til Ny i Norge.
  • I samband med søknad om skattekort og ID-kontroll får du tildelt norsk fødselsnummer/ID-nummer. Opplysningar om dette får du via Skatteetaten eller Ny i Norge sine nettsider.
  • For å opne bankkonto for utbetaling av lønn i Noreg må du ha norsk personnummer.
     
Last updated 12/8/2016