We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Sjukehusapoteka Vest

Brukarutvalet i Sjukehusapoteka Vest

Brukarutvalet skal ta vare på pasientar og pårørande sine interesser og vere ein pådrivar i forbetring av tenestene i Sjukehusapoteka Vest.

Bilde av brukerutvalget i Sjukehusapoteka Vest. De står sammen som en gruppe på fem og smiler, med administrerende direktør, Tonje Folkvang ved siden av seg.
Nokre av medlemmene i brukarutvalet saman med administrerande direktør Tonje Folkvang (til venstre)

Brukarutvalet er oppnemnd av styret i Sjukehusapoteka Vest og er eit rådgivande organ for administrerande direktør og styret i brukarrelaterte spørsmål.

Kontakt oss

Kontakt oss på brukarutvalet@sav.no

Koordinator: grethe.bjorndal@sav.no, kontorsjef føretaksadministrasjonen-

Brukarutvalet i Sjukehusapoteka Vest (SAV) har fem medlemmer og fire varamedlemmer, og medlemmene kjem frå ulike brukarorganisjonar, små og store, som er relevante for Sjukehusapoteka Vests verksemd og tenester.

Styret i SAV oppnemner medlemmene, inkludert leiar og nestleiar, etter innstilling frå administrerande direktør.

Representantane er oppnemnd på bakgrunn av erfaring, kompetanse, nettverk, verv og organisasjonstilknytning.

Funksjonsperioden til brukarutvalet er to år, og medlemmer skal ikkje oppnemnast for meir enn tre periodar, det vil seie seks år. 

Medlemmene får honorar etter gjeldande satsar for Helse Vest.

2024

Marit Rossehaug, leiar, Kreftforeningen

Sylvi Leirvåg, nestleiar, Norges Handikapforbund (NHF)

John-Egil Davidsen, Pensjonistforbundet

Karoline Rørtveit Thorbjørnsen, Diabetesforbundet

Merethe Landaas, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL)

 

Varamedlemmer

Odd Egil Salte, Kreftforeningen

Jannicke Andersen, LHL

Elisabeth Bjørheim Salte, Norges Astma og allergiforbund (NAAF)

Lene Nilsen, Epilepsiforbundet Bergen og omegn

 

Brukarutvalet skal arbeide for:

  • gode og likeverdige helsetenester uavhengig av alder, kjønn, bustad, etnisk opphav, sosial status, sjukdom/diagnose og funksjonsnedsetjing
  • god samhandling og gode heilskaplege pasientforløp
  • god medverknad frå brukarar, pasientar, pårørande og organisasjonane deira
  • samarbeid mellom brukarutval

Brukarutvalet skal vere:

  • eit rådgivande organ for styret og administrerande direktør i saker av strategisk karakter som gjeld tilbodet til pasientar og pårørande i verksemdsarbeidet
  • eit forum for tilbakemelding frå brukarar, pasientar og pårørande om generaliserte erfaringar innafor ansvarsområdet og oppgåvene til føretaket
  • eit samarbeidsforum mellom føretaket og brukerorganisasjonane

Oppgåvene til brukarutvalet:

  • å fremje saker som er viktig for brukarar, pasientar og pårørande
  • å bidra i føretaket sitt mål- og strategiarbeid, forbetrings- og omstillingsprosessar og andre faglege prosjekt i saker som gjeld tenestetilbodet
  • å evaluere si eiga verksemd minst ein gong i løpet av funksjonsperioden
  • å arbeide for god kontakt mellom dei ulike brukarutvala i regionen
  • å arrangere og/eller delta på relevante konferansar og kurs etter nærare behov og avtale
  • å møte på styremøte til helseføretaket
  • å lage årsrapport om si eiga verksemd

2024

23. september 2024

25. november 2024

 

2025

2024

Det har ikkje vore arrangert noko møte endå. 

 

2025

Her kjem årsmeldingar frå brukarutvalet. 

Last updated 8/30/2024