Samhandling

Samhandling fører til ein smidig overgang mellom spesialisthelseteneste og kommune.

Dei siste årene har vi sett følgjande utviklingstrendar innan helseområdet:

  • ​fleire eldre i befolkninga
  • kortare liggetid i spesialisthelsetenesta
  • meir avansert behandling i heimen
     

Overgangen mellom sjukehus og kommune er formalisert gjennom samarbeidsavtalar, og har som mål å sørge for at tenestene henger betre saman.

For Sjukehusapoteka Vest handlar samhandling om å:

  • sikre god informasjonsoverføring med omsyn til pasienten sin lækjemiddelbruk til neste behandlar (fastlege, sjukeheim, heimesjukepleie)
  • sikre forsyning av lækjemiddel ved skifte av omsorgsnivå
     

Gjennom dei farmasøytfaglege tenestene våre jobbar vi målretta med dette arbeidet i nært samarbeid med sjukehusa. I tillegg har sjukehusapotekene avtaler med einskilde kommunar og kommune-samarbeidsgrupper i regionen om tilsyn, undervising samt forskings- og utviklingsprosjekt.