Vurderer å skilje primærlager frå spesialistlager

Legemiddelberedskapslageret for primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta blir førebels styrt saman, men det er ikkje sikkert det blir slik i framtida.

Artikkelen vart først publisert på farmatid.no

Spesialisthelsetenesta har hatt stor legemiddelberedskap gjennom mange år, og er van med å jobbe med beredskap og mangel. Ikkje minst gjennom Mangelsenteret. I primærhelsetenesta er situasjonen ein ganske annan, og det er ingen overordna struktur på plass. Det har gjort det vanskelegare å få oversikt over eksisterande beredskapslagre og bygge opp beredskapslista for primærhelsetenesta.

- Vi har eit sortiment som er rekna som kritisk for primærhelsetenesta som vi har bedd grossistane om å byggje beredskap på, men det har vore vanskeleg å få forankra det sortimentet i primærhelsetenesta sidan det ikkje er noko naturlig plass å rette seg, seier legemiddeløkonomisk rådgjevar i Sjukehusapoteka Vest, Steinar Vik.

Planen er å sende lista på ein høyringsrunde når pandemien har roa seg, seier Vik, som har ei oppfordring til kommunefarmasøytane.

- Når primærlista kjem ut på ei høyring må kommunefarmasøytane kjenne sin besøkstid og flagge sin kompetanse ute i kommunane.

Kan samle begge lagera

Steinar Vik og fagdirektør, Christer Bakke Frantzen ser for seg at organisasjonen dei har bygd opp først og fremst vil ha ansvar for spesialisthelsetenesta, men Bakke Frantzen tar atterhald om at det er ein prosess som pågår og ikkje er vedtatt og reflekterer over at det heller ikkje er heilt urimleg at alt organiserast saman.

- Etter samhandlingsreformen skjer det meir og meir komplisert legemiddelbehandling i kommunane, og det er jo óg ein glidning mot meir heimebehandling. Så å sei at dei ikkje heng saman blir feil. Men det er klart at det blir litt andre behov på kommunal side enn det er i sjukehusa, seier Bakke Frantzen.