Vil tilby legemiddelrådgiving ved hjelp av videosamtaler

Når pasientane hentar hjartemedisinen sin for fyrste gong, får dei tilbod om rådgjevingstenesta Medisinstart. I Haugesund og Stavanger kan dei no velje å gjere desse samtalane ved å nytta ein eiga videoløysing.

Anne-valen2020-web.jpg

Anne Valen, avdelingsleiar PUB Stavanger

I haust blir denne tenesta testa ut hos Sjukehusapoteket i Stavanger og Sjukehusapoteket i Haugesund. Dersom løysinga blir godt motteke, så kan dette bli ei ny teneste i alle apoteka i Sjukehusapoteka Vest etter pilotperioden.
- Det blir spanande å sjå korleis det vil fungere med legemiddelrådgjeving ved hjelp av video, og korleis løysinga blir motteke av pasientane, seier Anne Valen, avdelingsleiar for publikumsavdelinga i Stavanger.

Medisinstart-tenesta først ut

Videoløysinga skal først testast ut for tenesta Medisinstart. Medisinstart er ei rådgjevingsteneste som skal bidra til auka tryggleik og riktig bruk av blodtrykksenkande, blodfortynnande og kolesterolsenkande behandling. Denne tenesta er kostnadsfri for pasienten og består av to oppfølgingssamtalar med ein farmasøyt, og samtalane vert gjennomført 1-2 og 3-5 veker etter at ein har starta med den nye medisinen.

Les meir om Medisinstart-tenesta 

Enkelt, trygt og tilgjengelig

I dag har ein oppfølgingssamtalane i apoteket eller over telefon. No blir det mykje enklare for pasientane. Systemet som vert testa ut er brukarvennleg, og samtalen kan gjennomførast med lyd og bilde frå heimen eller der dei er.
- Dei mottar ei lenke på e-post/SMS frå sjukehusapoteket og loggar seg på til avtalt tid. Dei treng berre ein PC/nettbrett/smarttelefon med tilgang til internett. Når dei har logga seg på, kan dei snakke med farmasøyten om korleis det har vore å starte med den nye medisinen og dei kan få svar på eventuelle spørsmål som dei har.

Fleire bruksområder framover

Parallelt med pilotering av løysinga knytt til Medisinstart blir det sett på andre potensielle bruksområder for videokommunikasjon.
- Vi testar og ut om denne løysinga kan nyttast til andre tenester som sjukehusapoteka leverar i dag. Dette kan vere tenestar retta mot pasientar eller tenestar som kan gjere samarbeidet med sjukehusa betre og meir effektivt, fortel Valen.

Har du spørsmål om tenesta?

Ta kontakt med Sjukehusapoteket i Stavanger eller Sjukehusapoteket i Haugesund.