Visste du at ein av fem har pollenallergi?

I Norge er det ca. 1 million som har meir eller mindre plagar med pollenallergi. Blant desse er det mange som opplever at sjukdommen påverkar jobb og skulearbeid. God og riktig behandling kan redusera plagene og medverke til auka livskvalitet.

​Kva er pollenallergi?

Pollenallergi skuldast at mange reagerer allergisk på visse protein som ein finn i pollen frå nokre typar trær, gras eller ugras. Dei pollentypane som har størt betyding ved slik allergi i Norge kjem frå tresortane or, hassel og bjørk og frå alle grasartar, særleg timotei og hundegras. I tillegg kjem pollen frå Salix (selje, vier og pil) og burot.

Kvar finn ein pollen?

Pollen finst i lufta i store mengder til bestemte tider på året. Om våren er det pollen frå trær og utover sommaren gras og burot som er dei vanlegaste pollenkjeldene. Generelt er det mindre pollen i kyststrøka og på høgfjellet.

Pollenvarslinga gjev daglege oppdateringar på kvar i landet det er sesong for dei ulike pollentypane som er mest aktuelle i samband med allergi.

Sjå pollenvarslinga for ditt område her

5 teikn på pollenallergi

  1. Ved pollenallergi renner ofte nasen, den klør, blir tett og ein nys.
  2. Auga renn, klør, blir raude og hovne.
  3. Man pustar i aukande grad med munnen, og dermed blir ikkje lufta som skal ned i lungene varma opp, fukta og reinsa for mellom anna pollenkorn. Dette kan utløyse eller forverre astma.
  4. Mange opplever at dei blir trøtte, dei strevar med svekka konsentrasjonsevne og evne til å læra. Dette gir svekka yteevne i forhold til skule, utdanning, arbeid, familie og fritidsaktivitetar.
  5. Mange med pollenallergi kan oppleve kryssreaksjonar, for eksempel at man får ein allergisk reaksjon når man et nøtter, kiwi eller rå gulrøter, eple og pærer.

Allergimedisinar

Det fins ei rekke legemidlar som kan nyttes ved pollenallergi. Behandling kan gå føre seg ved hjelp av nasespray, augedropar, allergitablettar, inhalasjonsmedisinar eller sprøyter. Det er viktig å vere klar over at allergimedisinar verker førebyggande. Dei må brukast regelmessig kvar dag gjennom heile sesongen sjølv om symptoma vert borte enkelte dagar med låg pollenspreiing. Generelt anbefaler ein å starte med behandlinga ca. 1 veke før pollensesongen startar.

Sjekk pollenkalenderen her

Allergimedisin reduserer plagene dine. Målet med behandlinga er at du skal ha det best mogleg med minst mogleg bruk av medisinar.

Er du usikker på korleis du skal bruke dine allergimedisinar så spør legen din eller oss på sjukehusapoteket om råd.

Reseptfrie allergimedisinar

Det finnes og ein del allergimedisinar reseptfritt på apoteket. Dette gjeld små pakningar av antihistamintablettar, nase- og augedropar samt nasespray. Be om hjelp på sjukehusapoteket slik at du får den medisinen som passar deg best. Det er viktig å følge dei instruksjonane som vert gitt på pakningen slik at ein unngår feilbruk. Pass spesielt på rettleiinga om dosering og kontakt apotekpersonalet eller lege dersom du er usikker.

Du kan lese meir om pollenallergi hos Astma- og Allergiforbundet

Kilde: Innhald er henta frå Astma- og Allergiforbundet.

Filmar om pollenallergi

Generelle tema knytta til pollenallergi

Fann du det du leita etter?