Spørsmål og svar om influensavaksinering 2020-21

Har du spørsmål om influensavaksine? Kanskje finn du svar på det du lurar på her.

​Kven kan ta influensavaksinen på apotek?

Styringsmakta har bestemt at berre personar risikogruppa kan vaksinere seg mot sesonginfluensa i apotek fram til 1. desember 2020.

Kvifor er det dyrare å sette influensavaksinen på apotek enn på eit legekontor?

Det enkle svaret er fordi staten subsidierer vaksina for personar i risikogruppa når dei tek den i vaksinasjonsprogrammet. For det andre, det er inga prisregulering på administrering av vaksinasjon, slik at prisen vil variere både mellom apotek og mellom dei ulike kommunale tilboda. Det er ikkje gitt at det å sette vaksinen er dyrare i apotek enn hos fastlegen eller i anna kommunal regi.

Sørger apoteka for at all vaksinering blir registrert i Sysvak?

Ja, alle vaksinar blir rapporterte til Sysvak etter at ein har fått vaksina. Registreringa skjer i «bolkar», slik at alle som har teke vaksinen i apotek i ettertid kan finne den på helsenorge.no.  Rutinen er at apoteka gjer rapportering 1 gong per månad.

Korleis kan fastlegane halde oversikt over kva pasientar som har teke vaksina i apotek?

Det blir sendt utleveringsmelding via reseptmeldaren til lege for alle vaksinar som er ekspedert i apotek, dette inkludere dei vaksinane som er rekvirerte av ein farmasøyt.

Korleis kan ein vere sikker på at vaksineringstenesta i apotek er heilt trygg?

Alle som rekvirerer og administrerer vaksinar i apotek må gjennom eigne opplæringsprogram, med avsluttande testing. I rutinen for rekvirering er det beskrive kva pasientar som ikkje kan vaksinerast i apotek, og må visast til lege. Det er felles reglar og rutinar i alle apotek som yter tenesta. Rutinane er baserte på FHI sin vaksinasjonsrettleiar.

​Kvifor kan apotek rekvirere legemiddel? Det blir som bukken og havresekken.

Styringsmakta ønsker hjelp frå apoteka til å betre vaksinedekninga i befolkninga. Da er dette ei effektiv løysing. All rekvirering er synleg for både legar og myndigheit, og det er sikra god transparens i ordninga. Dessutan er det ingen fare for «overforbruk» av influensavaksinar, sidan det er eit mål at flest mogeleg skal ta den. 

Legar som bestiller vaksinar frå apotek, melder at dei ikkje får leveransar?

Risikogruppene skal vere sikra vaksinar gjennom dei bestillingane kommunane har gjort frå FHI sitt lager. Legar som vaksinerer pasientar i risikogruppene, skal nytte vaksine som er skaffa via kommunen. På grunn av avgrensa lagre, vil apoteka måtte fordele tilgjengelege dosar ut etter individuelle vurderingar, for å sikre ei rettferdig fordeling til heile landet. Dermed kan slike bestillingar frå legekontor blir «avkorta».

Er alle apotektilsette som driv med vaksinering sjølv vaksinert?

Arbeidsgivar kan ikkje pålegge tilsett å vaksinere seg, men apotekkjedene oppmodar til å ta vaksinen og pleier å tilby gratis influensavaksine til sine tilsette. Vår erfaring er at dei fleste som jobbar er i nær kontakt med i apotek vel å ta vaksinen på arbeidsgivar si rekning. Dette blir teke frå den mengda vaksine som legemiddelgrossistane kjøper direkte frå produsent. Det er omtrent som på sjukehusa eller i sjukeheimane, at dei fleste er vaksinerte, men det er ikkje mogeleg å gi nokon garanti.

Korleis tek apoteka hand om smittevernet, dersom mange menneske kjem samtidig for å få vaksinen?

ei vanlege råda om å halde avstand gjeld. Apoteka har og retningslinjer for kor mange som kan vere i apoteket samtidig.

Kvar kan eg ta vaksinen?

​Vi har ikkje noko eksakt tal på dette. I løpet av oktober reknar vi med at opp mot 800 av dei 975 apoteka i landet tilby influensavaksinering. Ikkje alle apoteka er klare no i september, fordi det er krav om grundig opplæring før farmasøytane kan rekvirere og apotekpersonalet kan sette vaksinar.

Må eg bestille time?

​Nei, du treng ikkje timebestilling. Du kan gå rett inn i eit apotek, trekke kølapp og be om influensavaksine - dersom du er i risikogruppa. Då kan farmasøyten rekvirere vaksinen, og du får satt den så snart det er turen din.

Kor tid bør eg ta vaksina?

Influensavaksinen for sesongen er vanlegvis tilgjengeleg i apotek allereie i slutten av september. Vaksinen vernar mot influensa etter ca. 14. dagar. Dei fleste vaksinerer seg i oktober/november. Vanlegvis er det flest influensasjuke i månadene desember, januar, februar og mars. Nokre år kan sjukdomstoppen komme allereie i oktober/november, men det er sjeldan.

Kven kan ta influensavaksinen på apotek?

Følgjande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og blir derfor influensavaksine anbefalt:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om vaksine
  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Barn og vaksne med:
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • kronisk hjarte-/karsjukdom, spesielle personar med alvorleg hjartesvikt, lågt minuttvolum eller pulmonal hypertensjon
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielle personar med nedsett lungekapasitet
    • nedsett immunforsvar
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg blir influensavaksine anbefalt til følgjande grupper, primært for å verne andre (indirekte vern):

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Husstandskontaktar til personar med nedsett immunforsvar, eller personar i risikogruppene
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser


Fann du ikkje svar?

Ta kontakt med ditt sjukehusapotek

Fann du det du leita etter?