Sol og legemiddel

Nokre legemiddel kan gje reaksjonar i huda når huda vert utsett for sollys eller solarium. Dette vert kalla fotosensitivitet og i slike tilfelle kan huda sjå ut som den er solbrent. Det er viktig å førebyggje slike reaksjonar.

Sjekk om dine legemiddel kan gje utslett i sola

Både legemiddel som nyttast ved kroniske sjukdommar og mot kortvarige tilstander kan gje reaksjonar i huda i sola. Dette gjeld også reseptfrie legemiddel. Kontakt lege, apotek eller les pakningsvedlegg dersom du ikkje veit om dette gjeld dine legemidlar.

Førebygging er viktigast

Det viktigaste er å være føre-var. Om du nyttar  legemiddel som kan gje slike reaksjonar i huda, bør du unngå direkte sollys og solarium i så stor grad som mogeleg, særleg dei fyrste dagane av behandlinga. Opphald deg ikkje i sola midt på dagen, dekk deg til med klede/hovudplagg og bruk solkrem som har høg beskyttelse mot UVA-stråling.

Om du får utslett

Utslettet kan likne solbrent hud og vere ubehagelig. I dei fleste tilfella går det raskt over. Det er viktig at du tek kontakt med lege eller apotek før du eventuelt slutter med legemiddelet. Om du ikkje kan avbryte behandlinga eller byte legemiddel, må du vere ekstra nøye med å unngå direkte sollys.

I enkelte tilfelle kan reaksjonar i huda verte langvarige eller alvorlige og krevje behandling. Du må då kontakte lege.

Eksempel på legemidlar som kan gje reaksjonar i huda ved soling

Nedanfor er det lista opp nokon vanlege eksempel, men denne lista er ikkje fullstendig. Sjekk alltid i pakningsvedlegget kva som gjeld for dine legemidlar.

Antibiotika

Gruppa tetrasykliner (doksysyklin, lymesyklin, tetrasyklin) er ei type antibiotika som gjev flest tilfelle av reaksjonar i huda ved soling. Disse medisinane nyttast mot fleire typar infeksjonar og ved behandling av akne/kviser.
Trimetoprim, trimetoprim-sulfa og ciprofloxacin er eksempel på andre vanlege antibiotika som kan gje reaksjonar i huda.

Betennelse-dempande og smertestillande legemidlar

Ibuprofen, naproksen og diklofenak er eksempal på betennelsedempande og smertestillande legemidlar. Dette er ei mykje nytta legemiddelgruppe som og vert kalla NSAIDs.
Naproksen og diklofenak kan gje reaksjonar i huda, medan dette er meir sjeldan ved bruk av ibuprofen.
Ved lokal bruk av smertestillande gel med ketoprofen eller diklofenak på huda kan det førekomme reaksjonar i huda etter at huda er utsett for sollys. For ketoprofen har dette i nokre få tilfelle vore alvorlige reaksjonar. Les meir om ketoprofen gel.

Hjerte- og blodtrykksmedisinar

Tiazider er vassdrivande legemidlar som ofte nyttast mot høgt blodtrykk. Dei fleste tåler desseføls godt, men nokon få kan utvikle langvarig følsemd for sollys.
Amiodaron nyttast mot forstyrringar av hjerterytmen. Amiodaron kan gjere huda langvarig sensitiv for sollys. Alle som nyttar amiodaron må beskytte seg mot sollys.

P-piller

Det er svært sjeldan p-piller fører til utslett om du oppheld deg i sola, men hos enkelte kan det oppstå pigmentflekker etter fleire månaders bruk. Denne pigmentforandringa vert kalla melasma. Eit godt råd er at du prøvar deg forsiktig fram med tanke på eksponering av sollys for å sjå om du er blant dei som får slike reaksjonar.

 

Kilde: Helsenorge.no



Oversikt over legemiddel som er i sal i Norge

Felleskatalogen

Fann du det du leita etter?