Rett bruk av inhalatorar

Rett bruk av inhalatoren din er viktig for god behandling av astma og KOLS.

Visste du at du kan få rettleiing i bruk av inhalator på sjukehusapoteket?

 

Det finst ulike typar inhalatorar, og legen skriv ut type til ditt behov. Husk at du alltid les informasjon om rett bruk i pakningsvedlegget som følgjer med inhalasjonsmedisinen din.

Nedanfor vil vi vise deg korleis ulike typar inhalatorar skal brukast for å få best mogleg effekt av medisinen og kontroll av sjukdomen. Du kan også spørje på apoteket neste gong du hentar ut medisinar, om personalet kan sjekke at du bruker inhalatorane dine rett.

Spray (inhalasjonsaerosol)

Denne typen inhalator gjev deg medisinen som ein fin spray (aerosol) rett til lungene når du trykker ned toppen. At du trekk pusten samstundes med at du utløyser dosen, er viktig. Her følgjer ei enkel brukarrettleiing:

  1. Ta hetta av munnstykket og rist inhalatoren grundig
  2. Hald inhalatoren vertikalt med munnstykket ned
  3. Pust roleg heilt ut (tøm lungene) utan å ha inhalatoren til munnen
  4. Plasser munnstykket i munnen og lukk leppene tett rundt det
  5. Bøy hovudet litt bakover
  6. Trykk bestemt på toppen av inhalatoren for å utløyse dosen, samtidig som du pustar roleg inn. Dersom du brukar Autohaler, vil dosen automatisk verta utløyst når du inhalerer, og du treng ikkje trykka på toppen av inhalatoren
  7. Fortsett å trekka pusten sakte og så djupt som mogleg, i minst 4 sekund
  8. Hald pusten i minst 5 sekund før du pustar roleg ut igjen
  9. Sett hetta attende på munnstykket

Dersom du skal ta meir enn ein inhalasjon, skal du vente minst 20 sekund før du tar andre inhalasjon. Husk å alltid riste inhalatoren mellom kvar inhalasjon.

For å gjere det lettare å koordinere innanding og utløysing av dosen, kan inhalasjonssprayen brukast saman med eit inhalasjonskammer. Desse er vanlegvis av plast, og har ein haldar i eine enden der inhalasjonssprayen kan festast. I den andre enden er det eit munnstykke der du pustar roleg i 10 sekund. Inhalasjonskammeret hjelper medisinen å koma ned i lungene der den skal gje effekt, og hindrar at ein del av sprayen kjem tilbake i munnen og halsen. Dette kan betre effekten av medisinen og redusere faren for biverknader, og er spesielt egna for barn og eldre.

Diskus (inhalasjonspulver)

Denne typen inhalator gjev deg medisinen som eit fint pulver rett til lungene når du inhalerer. Her følgjer ei enkel brukarrettleiing:

  1. Opne inhalatoren ved å leggja tommelfingeren i tommelgrepet og skubba det frå deg til du høyrer eit klikk
  2. Klargjer inhalatoren (utløys dose) ved å trykka hendelen ned til du høyrer eit nytt klikk
  3. Pust roleg heilt ut (tøm lungene) utan å ha inhalatoren til munnen
  4. Plasser munnstykket i munnen og lukk leppene tett rundt det
  5. Bøy hovudet litt bakover
  6. Pust djupt og kraftig inn gjennom munnen
  7. Pust ikkje ut, men fjern inhalatoren frå munnen
  8. Hald pusten i minst 5 sekund før du pustar roleg ut igjen
  9. Lukk inhalatoren ved å skubba tommelgrepet attende til utgangsposisjon

Dersom du skal ta meir enn ein inhalasjon, skal du vente minst 20 sekund før du tar andre inhalasjon. Gjenta trinn 1 til 9 for neste inhalasjon.

Turbuhaler (inhalasjonspulver)

Denne typen inhalator gjev deg medisinen som eit fint pulver rett til lungene når du inhalerer. Her følgjer ei enkel brukarrettleiing:

  1. Hald inhalatoren vertikalt med munnstykket opp og ta av hetta
  2. Klargjer inhalatoren (utløys dose) ved å vri dreieskiva mot høgre til du høyrer eit klikk, og vri deretter heilt tilbake
  3. Pust roleg heilt ut (tøm lungene) utan å ha inhalatoren til munnen
  4. Plasser munnstykket i munnen og lukk leppene tett rundt det
  5. Bøy hovudet litt bakover
  6. Pust djupt og kraftig inn gjennom munnen
  7. Pust ikkje ut, men fjern inhalatoren frå munnen
  8. Hald pusten i minst 5 sekund før du pustar roleg ut igjen
  9. Sett hetta attende på inhalatoren

Dersom du skal ta meir enn ein inhalasjon, skal du vente minst 20 sekund før du tar andre inhalasjon. Gjenta trinn 1 til 9 for neste inhalasjon.

Forstøverapparat (nebulator)

Eit forstøverapparat er ei maskin som lagar damp av medisinen før du pustar den inn gjennom ei maske eller munnstykke i enden av maskina. Desse kan bli brukt i nødsituasjonar på legekontor eller på sjukehus, men det er også enkelte som har god nytte av å bruka forstøverapparat i heimebehandlinga si. Apparatet kan då lånast frå Hjelpemiddelsentralen etter rekvisisjon frå lege.

Instruksjonsvideoar

For meir informasjon om rett bruk av inhalatorar, og detaljar for fleire ulike variantar, kan du sjå praktiske instruksjonsvideoar på nettsida til Felleskatalogen

Generell informasjon om behandling av astma

Astma er ein utbreidd sjukdom som påfører pasientane mange utfordringar i kvardagen. Hoste, kort pust, generelle pusteproblem og redusert energi er nokon av dei problema pasientane slit med.

I dag finst det svært effektive medisinar som kan hjelpe dei fleste med kontroll av sjukdomen sin. For at medisinane skal ha full effekt, er det svært viktig at dei blir brukt riktig, som forklart over.

Nokre praktiske tips

  • Alltid ha anfallsmedisinen din lett tilgjengeleg
  • Finn ut, viss det er mogleg, kva som utløyser anfalla dine
  • Før gjerne ei dagbok slik at du kan notere ned opplevingar, korleis du følte deg, samt eventuelle lungemålingar som du gjer
  • Prøv å unngå dei faktorane som utløyser anfall, som for eksempel kjæledyr
  • Kutt røyken – viss du røyker gjer du sjukdomen din mykje verre
  • Viss legen din har forskreve førebyggande inhalasjonsmedisin, er det svært viktig at du brukar denne inhalatoren regelmessig (også i gode periodar) for å få god førebyggande effekt
  • Skyl munnen grundig med vatn etter inhalasjon av medisinar som inneheldt kortison, for å hindre soppvekst eller irritasjon i munn og svelg. Du kan med fordel ta denne typen førebyggande inhalasjonar før du pussar tenner morgon og kveld
  • Ta kontroll over sjukdomen din med rett bruk av medisinar og kontroll av utviklinga

Dei fleste astmatikarar måler lungekapasitet regelmessig og følgjer med på utviklinga. Dette kan gjerast hjå fastlege eller på poliklinikk, men du kan også sjølv gjere ei enkel PEF-måling (peak expiratory flow rate). Denne målinga viser topphastigheit på lufta som du pustar ut av lungene. Jo tettare luftveier, jo lågare hastigheit. Resultata kan du føre i astmadagboka di og følgje opp saman med legen. PEF-måler kan du kjøpe på apoteket.​


 

Nyttige lenker