Pneumokokkvaksine

Utvalde sjukehusapotek tilbyr vaksinering mot pneumokokksjukdom til alle over 12 år*.

Du må ha resept frå lege, og du kan bestille time for vaksinering via telefon eller komme innom sjukehusapoteket når det passer deg. Og hugs, vi har gode tiltak for smittevern hos oss.

Målgrupper for vaksinen

  • Alle personer over 65 år (kvart 10. år)
  • Personer med sjukdom som gir immunsvikt eller som bruker medisinar som svekker immunforsvaret.
  • Pasientar med kroniske sjukdommar eller enkelte andre tilstander som gir auka risiko for pneumokokksjukdom, til dømes kronisk hjarte- og lungesjukdom eller diabetes. Snakk med legen din om du har en sjukdom som aukar risikoen for pneumokokksjukdom.
  • Personer som gjennom sitt yrke har høgare risiko for smitte, som for eksempel laboratoriepersonell og personer som eksponerast for sveiserøyk.

Om pneumokokksjukdom

Pneumokokker er bakteriar som kan gje sjukdom hos menneske, t.d. lungebetennelse. Pneumokokker kan også gi mellomøyrebetennelse og øyrebetennelse. I nokre tilfelle kan infeksjonen bli alvorleg og utvikle seg til blodforgifting (sepsis) eller hjernehinnebetennelse (meningitt).

Pneumokokker kan gi sjukdom i alle aldersgrupper, men de mest alvorlige tilfella kan sjåast hos dei yngste barna, personer over 65 år og hos personer med spesielle risikofaktorar.

Pneumokokker fins naturlig i bakteriefloraen i nase og svelg, særleg hos barn.

Smitte

Pneumokokksjukdom smitter ved nærdråpe-smitte, men bare en liten del av nysmittetilfella fører vanlegvis til klinisk sjukdom. Friske berarar er det viktigaste smittereservoaret for pneumokokker, men klinisk sjuke er også kjelde til smittespreiing.

Klassiske symptom på pneumokokksjukdom er rask aukande feber, sting i brystet når ein pustar inn, tung pust, rask pust og slim/oppspytt frå nedre luftvegar som er pussholdig med lys plommesyltetøyfarge. Symptoma treng ikkje være spesifikke, spesielt hos eldre.

Vaksiner

Det fins antibiotika mot pneumokokker, men det mest effektive er å førebyggje med vaksine. 

Effekten av vaksinasjon oppnåast etter cirka 14. dagar.

For eldre over 65 år anbefalast å vaksinerast igjen etter 10. år. Tettare intervall kan være aktuelt for nokre risikogrupper, og må i så fall avgjerast av legen ut frå pasientens grunnsjukdom.

Biverknader

Vaksinen kan gje ømheit, raudheit og hevelse på stikkstaden, samt feber. Allergiske reaksjonar eller andre alvorlige biverknader er sjeldan. Eventuelle biverknader begynner som regel kort tid etter vaksinasjon og sjeldan seinare enn 1-2 døgn.

*Nokre unntak:

Akutt sjukdom eller feber, gravide, nedsett immunforsvar (f.eks. immunsvikt, miltmangel eller gjennomgått stamcelletransplantasjon, HIV/AIDS), alvorlig reaksjon på ved tidlegare vaksinedose.


Kjelder

Pneumokokkvaksine til risikogrupper - FHI
Pneumokokkvaksine til eldre - NHI.no

Fann du det du leita etter?