P-piller verkar ved å:
- Hemme eggløysinga
- Påverke slimet i livmorhalsen slik at det er mindre gjennomtrengjeleg for sædceller
- Påverke slimhinna i livmora slik at befrukta egg ikkje kan feste seg
Det finst 2 typar p-piller
Kombinasjonspiller: inneheld østrogen og progesteron, blir tatt i 3 veker fulgt av 1 vekes opphald (nokre preparat har tablettar utan verkestoff i denne perioden), då får ein ei menstruasjonsliknande bløding. Ein skal ta tablettane til same tid kvar dag. Dersom tablettane blir tatt meir enn 12 timar for seint, bør annan prevensjon brukast i tillegg i 7 dagar. Ein skal ta neste tablett til vanleg tid.
Minipiller: inneheld berre progesteron og må bli tatt til same tid kvar dag og utan opphald mellom bretta. Blir inntaket utsett med meir enn 3 timar (12 timar for Cerazette), bør annan prevensjon bli brukt i 7 dagar.
Ein vil vere nesten 100 % beskytta dersom p-pillene blir brukte på rett måte, noko mindre for minipiller.
Visste du at?
- Kombinasjon av soling og bruk av p-piller kan gi pigmentflekkar. Ein kan førebygge pigmentflekkar ved å bruke solkrem.
- Minipiller kan brukast under amming. Ønsker ein å bruke kombinasjonspiller, bør ein vere ferdig med å amme, og menstruasjonen må vere tilbake.
- Ved oppkast/diaré, eller dersom ein har tatt medisinsk kol, kan effekten bli redusert. Annan prevensjon, for eksempel kondom, bør då brukast i 7 dagar.
- Andre prevensjonsmiddel med hormon er vaginalring og prevensjonsplaster som inneheld østrogen og progestogen, samt hormonspiral, p-sprøyte og implantat som berre inneheld progestogen.
- Det einaste prevensjonsmiddelet som beskyttar mot kjønnssjukdomar, er kondom.
- Ved å bruke kombinasjonspiller kan menstruasjonen utsettast. Dette bør avtalast med lege.
Riktig bruk
Beskytta ved oppstart
Kombinasjonspiller og minipiller vil sørge for at du er beskytta frå første dag ved oppstart på menstruasjonen sin første dag. Du kan også starte på dag 2–7 i syklusen, men då må annan prevensjon (f.eks. kondom) brukast i tillegg dei første 7 dagane.
Byte frå ei kombinasjonspille til ei anna
Du kan gå rett over frå ei kombinasjonspille til ei anna kombinasjonspille utan å bruke ei ekstra form for prevensjon.
Byte frå minipille (p-sprøyte, implantat eller hormonspiral) til kombinasjonspille
Du kan slutte med minipiller kva dag som helst og starte med kombinasjonspiller til same tid neste dag. Annan prevensjon må brukast i tillegg (f.eks. kondom) i 7 dagar.
Biverknader
Biverknadene ved bruk av p-piller er mest vanleg ved oppstart. Etter nokre månader forsvinn vanlegvis plagene. Gjer dei ikkje det, kan ein vurdere å byte til eit anna prevensjonsmiddel.
Dei vanlegaste biverknadene ved bruk av p-piller er:
Blodpropp
Blodpropp er ein svært sjeldan biverknad ved bruk av kombinasjonspiller. Kvinner med kjende risikofaktorar (f.eks. betydelig overvekt, røyking, tidlegare tilfelle av blodpropp eller tilfelle av blodpropp i familien) bør vere ekstra oppmerksame på symptom på blodpropp. Risikoen for blodpropp er størst dei første 6–12 månadene etter at du startar med ei ny kombinasjonspille.
Symptom på blodpropp
Sterke smerter eller hevelse i eit bein eller ein arm
Uvanleg, kraftig eller langvarig hovudverk
Plutseleg, kraftig hoste / pustevanskar utan årsak
Kjensleløyse eller nedsett kjensle i ein del av kroppen
Nedsett syn eller dobbeltsyn
Kraftige magesmerter
Smerter i brystet
Svimmelheit
Talevanskar
Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.