Oppbevaring av medisin

Medisin inneheldt ei nøyaktig oppmålt mengde virkestoff. Feil oppbevaring kan gjere at virkestoffet øydeleggast og at medisinen mister sin effekt.

Din medisin er nøye tilpassa din kropp og din helsetilstand, og kan vere skadeleg for andre. Det er difor viktig at medisin oppbevarast godt merka, og utilgjengeleg for barn.

Råd om oppbevaring av medisin

  • Oppbevar medisin utilgjengeleg for barn og uvedkomande, gjerne i låst medisinskap.
  • Medisin skal oppbevarast i originalemballasje, eller i doseringseske.
  • Medisin skal oppbevarast på tørr plass og ved romtemperatur, for eksempel på soverom, men ikkje på bad.
  • Nokre medisinar skal stå i kjøleskap. Opplysning om det finn du på pakninga.
  • Nokre legemiddel, for eksempel augedropar, får redusert bruksfrist etter opning. Opplysning om det finn du på pakninga.
  • Medisin som er utgått på dato skal returnerast til apoteklet. Sjå òg eige avsnitt om kassasjon av legemiddel.