Når medisinar og mat påverkar kvarandre

Interaksjonar mellom forskjellige medisinar (legemiddelinteraksjonar) er utbredt, men sjeldan farleg.

​Av og til må ein kombinere fleire legemiddel samtidig, enten ein bruker fleire legemiddel for den same sjukdommen eller for fleire ulike helseproblem. Dersom to legemiddel påverkar kvarandre på ein slik måte at det oppstår auka effekt, fleire biverknader eller nedsett verknad, seier vi at det har oppstått ein legemiddelinteraksjon. Opplys alltid legen dersom du tek kosttilskot eller naturlegemiddel.

Når må ein vere spesielt merksam på interaksjonar?

  • Kombinasjon av Marevan og Ibux/Ibumetin/Ibuprofen og Noskapin aukar faren for alvorlege blødingar.
  • Dersom du bruker mange ulike medisinar.
  • Dersom du har redusert nyrefunksjon.
  • Dersom du er over 65 år. Sjå òg Råd for bruk av medisin for eldre.
  • Dersom du tar kosttilskot, naturmedisin, reseptfri medisin eller drikk grapefruktjuice (sjå eige avsnitt under).

 

Korleis kan ein legemiddelinteraksjon oppstå?

Dei fleste legemiddel blir absorbert i tarmen, fordelt ut i kroppen via blodbana, brotne ned i lever ved hjelp av enzym, og deretter skilde ut gjennom nyrene. Legemiddelinteraksjonar kan oppstå på alle desse punkta, i tillegg til interaksjon på sjølve virkestaden.

Kan mat, reseptfrie legemiddel og naturmiddel påverke andre legemiddel?

Ver merksam på at også reseptfrie legemiddel, kosttilskot og naturmiddel kan ha interaksjonar med andre legemiddel. Det gjeld særleg dersom dei inneheld Johannesurt. Det er derfor svært viktig at legen din kjenner til alle legemiddel du bruker, også legemiddel og naturmiddel du har kjøpt på apoteket eller på butikken utan resept. Dersom du kjøper reseptfrie legemiddel på apoteket, spør alltid om dei kan kombinerast med dei andre medisinane du bruker.

Grapefruktjuice påverkar òg verknaden av mange typar medisinar. Du må derfor ikkje drikke grapefruktjuice eller ta naturlegemiddel som inneheld Johannesurt i den tida du brukar andre medisinar. Sjå òg Medisinar og mat.

Innlegging på sjukehus

Dersom du blir innlagt på sjukehus, vil du få alle legemiddel utlevert frå sjukehuset, og det er ikkje høve til å bruke eigne, private legemiddel/naturmiddel utan at det er spesielt avtalt med legen. Årsaka til dette er m.a. at legen må ha full oversikt over medisinbruken under opphaldet, for å kunne gje god behandling. Det er difor særs viktig at sjukehuset får oversikt over dei medisinane du normalt brukar, slik at ein sikrar nødvendig inntak av medisin som kan kombinerast med sjukehusbehandlinga.

Kan legemiddel kombinerast dersom det er oppgitt ein interaksjon?

Vanlegvis vil vi unngå å kombinere legemiddel som har interaksjonar. I nokre tilfelle vil likevel legen kombinere legemiddel trass i at dei har ein interaksjon, men vil då ta omsyn til dette når han fastset dosering eller doseringstidspunkt.