Medisinar er ofte ein viktig del av behandlinga på sjukehuset. For å sikre ein trygg behandling og ynskja effekt, er det viktig at helsepersonellet har rett informasjon om dei medisinane du bruker.

Før opphald på sjukehus
Ved innlegging i sjukehus er det viktig at sjukehuset får best mogleg oversikt kva legemiddel du bruker. Kontakt gjerne fastlegen på førehand og be om ei oversikt over legemidla som du brukar. Hugs òg å skrive ned andre legemiddel som er kjøpt utan resept.
Meir informasjon finn du på pasientsikkerhetsprogrammet.
Legemiddelliste
Ei legemiddeliste sikrar at du får legemidla du treng mens du er på sjukehuset, og at ein ut frå denne eventuelt kan justere dosering og legemiddel for å sikre ei god legemiddelbehandling.
Du kan lese meir om dette her på pasientsikkerhetsprogrammet.
Ei medisinliste er viktig for deg som bruker mange medisinar og er i kontakt med fleire legar. Lista er spesielt viktig om du skal få behandling på sjukehus. Medisinlista er òg lur å ta med på reise i om du treng nye medisinar eller må kontakte lege.
Samtale ved innlegging
Det er viktig at du opplyser om korleis du bruker legemidla, og særleg om du brukar dei annleis enn det som står i lista frå fastlegen. Det er òg viktig at du opplyser om alle legemiddel som du bruker som kan kjøpast utan resept, naturlegemiddel og tilskot av vitamin og mineralar.
Om du brukar kommunale helsetenester (til dømes heimesjukepleie) eller ferdig doserte legemiddel i poser eller i er det viktig å opplyse om dette ved innlegging.
Kartlegging av legemiddelbruk (klinisk farmasi)
Ved nokre avdelingar i sjukehuset arbeider kliniske farmasøytar med kartlegging av legemiddelbruk (legemiddelanamnese) og samstemming av legemiddellister. Dette blir mellom anna gjort ved eit såkalla legemiddelintervju, der du får spørsmål om din oppleving av legemiddelbruk, til dømes om du har merka biverknadar eller har problem med å svelgje tablettar.
Ved opphald i sjukehus
Sjukehuset dekker all legemiddelbehandling ved innlegging. Det er såleis i dei fleste tilfelle ikkje naudsynt å ta med private legemiddel. Sjukehuset har ansvar for at du får legemidla du skal ha til rett tid, med rett dose og på rett måte. Spør om du er usikker på kva legemiddel du får, eller om du får eit legemiddel du ikkje kjenner til frå før.
Legemidla som du får på sjukehuset kan sjå annleis ut enn dei du elles brukar. Dette kan skuldast at tilsvarande (generisk) legemiddel er kjøpt inn frå ei anna produsent. Generiske legemiddel inneheld det same aktive legemiddelet. Alle sjukehus i Noreg kjøper inn legemiddel gjennom anbod der produsentane konkurrerer om å gje beste pristilbod.
Legemiddelgjennomgang (klinisk farmasi)
Ved nokre avdelingar i sjukehuset støttar kliniske farmasøytar sjukehuset med å kvalitetssikre legemiddelbehandlinga for enkeltpasientar. Ei slik systematisk undersøking blir kalla legemiddelgjennomgang, og skal sikre god legemiddelbehandling og førebyggje skader. Legemiddelrelaterte problem som blir avdekka blir tatt opp med lege. Farmasøyten gir råd om legemiddelbehandlinga, men det er alltid legen som har ansvar for og tar avgjerdsler om endring av behandlinga.
Etter opphald på sjukehus
Etter utskriving frå sjukehus er det viktig å førebu eventuell vidare behandling med legemiddel. Sjukehusapoteka har eit nettbasert tilbod for bestilling og klargjering av legemiddel før heimreise. Ved henting på apoteket kan apotekpersonalet rettleie i bruk av legemiddel og svare på spørsmål.
Når du skal heim frå sjukehuset
Ved utskriving frå sjukehus er det viktig at med god informasjon om rett legemiddelbruk. Legen skriv ut elektroniske reseptar på legemiddel som du skal halde fram med å bruke.
For å hindre avbrot i legemiddelbehandlinga ved utskriving, er det viktig at du får med deg alt du treng av legemiddel og utstyr før heimreise.
Sjukehusapoteka har eit vareutval som er tilpassa behov for utskrivne pasientar i dei ulike sjukehusa i regionen. Klargjering av reseptmedisinen kan bestillast på våre nettsider: www.sav.no. Ved å nytte denne tenesta slipp du ventetid på apoteket.
Om du får kommunale helsetenester (til dømes heimesjukepleie) eller ferdig doserte legemiddel i poser med ditt namn og legemiddelet (multidosebrukar), må dei som skal hjelpe deg med den vidare legemiddelbehandlinga få den informasjonen dei treng. Har du fått med ei liste frå sjukehuset over kva legemiddel du skal bruke, anbefaler vi at du viser den til heimesjukepleia. Fastlegen din får tilsendt eiga oversikt frå sjukehuset.
Legemiddelsamtale
Sjukehusapoteka Vest har tilbod om legemiddelsamtalar i publikumsapoteka og det er mogleg å be om samtale før heimreise.
Ein legemiddelsamtale er en samtale mellom deg og ein farmasøyt. Samtalen tek utgangspunkt i dine behov, og bruker reseptar og utskrivingsinformasjon frå sjukehuset som grunnlag. Målet er at du skal få kunnskap, bli trygg på og få betre forståing for bruk av dine legemiddel. Du får informasjon om legemidla sine bruksområde, effekt, kva som er rett bruk og praktiske råd. Gjennomgangen kan eventuelt identifisere problem med gjennomføring av behandlinga, om det er legemiddel som kan verke inn på kvarandre eller til dømes bruk av like legemiddel (synonympreparat/generiske legemiddel).
Legemiddel på resept
Sjukehusapoteka Vest har publikumsavdelingar som ligg sentralt plassert i foajeen på sjukehusa i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Sjukehusapoteka har eit vareutval som er tilpassa behov for utskrivne pasientar i dei ulike sjukehusa i regionen og har tilbod om reseptklargjering. Ved å nytte deg av denne tenesta slipp du ventetid på apoteket ved heimreise.
Hos oss kan du få råd og rettleiing for å sikre at du får best mogleg utbytte av behandlinga. Vi har òg egne rom for personleg rettleiing der du kan få opplæring i bruk av dine legemiddel og andre produkt.
Vi har eit godt utval av reseptfrie legemiddel, andre apotekvarer og hygieneartikler, ved sidan av artiklar til bruk ved stomi og inkontinens samt kateter. Meir om dette finn du under Råd og rettleiing.