Medisinbyte – same effekt, anna namn

Nokre gonger får du ein medisin med eit anna namn enn det som står på resepten. Her er informasjon om kvifor, og kva du sjølv kan gjere.

Viss det fins eit likeverdig og rimelegare alternativ, vil apoteket tilby deg ein medisin med eit anna namn enn det legen har skrive ut. Dette kallast på fagspråket generisk byttbare legemiddel.

Apoteket kan gjere dette når medisinane har same verknad, og er like trygge. Denne vurderinga er det Statens legemiddelverk som gjer. Du kan derfor trygt seie «ja» til å byte.

Kva er likeverdig medisin?

Ein medisin består av virkestoff som gjer medisinsk verknad, og hjelpestoff som gjer form og farge. Likeverdig medisin inneheld nøyaktig same virkestoff, i same mengde og i same form, men:

  • Kan ha ulikt namn og utsjånad
  • Kan ha ulike hjelpestoff
  • Kan ha ulik tekst i pakningsvedlegget

Reservasjon mot medisinbyte

Legen din kan reservere mot byte dersom det fins medisinske årsaker til det, for eksempel allergi. Spør legen din dersom du er i tvil.

Sjølv om det ikkje fins medisinske årsaker til å reservere seg, kan du velje å ikkje byte. Då må du sjølv betale mellomlegget.

Gode råd for sikker bruk etter byte

  • Spør apoteket, legen eller heimesjukepleiaren, dersom du er i tvil om korleis du skal bruke medisinane dine.
  • Sjekk om medisinen du får skal erstatte ein medisin du har brukt tidlegare, eller om den skal brukast i tillegg.
  • Merk deg gjerne namnet på virkestoffet som er i medisinen.
  • Legen din får ikkje beskjed av apoteket om at du har byta medisin. Neste gong du er hjå legen kan du sjølv fortelja legen om bytet.

Nytig informasjon

Vil du lese meir om medisinbyte, sjå Statens legemiddelverk.