Medisinar ved reumatiske sjukdommar

For revmatikarar spelar legemiddel ein viktig rolle i behandlinga av sjukdommen.

Dei viktigaste legemidla og legemiddelgruppene:


Kortison

Til dømes Prednisolon.

  • Prednisolon sin gode og kraftige dempande effekt på betennelse, kan utnyttast ved dei fleste revmatiske sjukdommar. Men bruken innskrenkast av biverknadene.
  • Injeksjonar med kortison i enkeltledd gjer derimot ikkje dei same biverknadene, og blir ofte brukt.
  • Pasientar som brukar Prednisolon skal også ha tilskot av kalsium og D-vitamin, som førebygging mot beinskjørheit.

NSAID

Til dømes Ibux, Brexidol, Naproxen, Voltaren.

  • Mange revmatikarar får god effekt av denne legemiddelgruppa, ved at betennelse blir dempa.
  • NSAID vil ofte vere det fyrste legemidlet som vert føreskrive ved dei vanlegaste revmatiske diagnosane.
  • Ein vil bytte til andre legemiddel om effekten uteblir, eller ikkje er tilfredsstillande.
  • Spesielt hos eldre brukarar kan biverknader innskrenke anvendinga av NSAIDs. Både hjartesvikt og nyrefunksjon kan forverrast av NSAIDs.

Sjukdomsdempande legemiddel

Til dømes Methotrexate/Methotreksat, Salazopyrin, Plaquenil, Arava

  • Methotreksat er mest brukt fordi ein har god dokumentasjon på både verknad og sikkerheit.
  • I tillegg brukast Methotreksat i kombinasjon med dei biologiske, antirevmatiske legemidla, på grunn av ein forbetra effekt.
  • Methotreksat gjer verknad etter 4-6 veker og er sterkt dempande på aktiviteten til sjukdommen.
  • Moglege biverknader er kvalme, lever- og påverknad av lungene. Folsyre (vitamin B9) blir teke som tilskot for å redusere risikoen for biverknader frå Methotreksat.

Biologiske, antirevmatiske legemiddel

Til dømes  TNF-hemmarar, Mabthera, Orencia og RoActemra.

  • Biologiske legemiddel blir teke i bruk om effekten av dei tradisjonelle sjukdomsdempande legemidla uteblir, eller ikkje er tilfredsstillande.
    For dei pasientane som får verknad, kjem ofte denne fort, samanlikna med dei tradisjonelle legemidla, og mange opplever også ei stor forbetring av sjukdommen.
  • Den mest alvorlege biverknaden er ein generelt auka risiko for infeksjonar.

Riktig bruk av legemiddel

  • Om man skulle få ein utilfredsstillande effekt, eller biverknader av NSAIDs, vil andre legemiddel innanfor same gruppe kunne gje betre effekt, og færre biverknader. Diverre kan dette berre finnast ut gjennom prøving og feiling. Det kan også vere aktuelt å føreslå tillegg av legemiddel, som førebyggjer skade på mageslimhinna.
  • Ved bruk av Methotreksat er det veldig viktig at legemiddelbrukarane får vite at Methotreksat berre skal brukast på éin vekedag – ikkje kvar dag. Folsyre som tillegg til Methotreksat er også standard. Folsyre tas som regel kvar dag utanom den dagen ein inntek Methotreksat.
  • Behandling av revmatisk sjukdom vil vanlegvis følgja ei behandlingstrapp. Det vil seie at ein startar behandlinga med legemidla som utgjer hjørnesteinane (Methotreksat, NSAIDs, Prednisolon), for så å leggja til nyare, biologiske legemiddel ut i frå effekt og kor alvorleg sjukdommen er.
  • Ved bruk av Prednisolon skal man ha tillegg av kalsium og D-vitamin.

Nyttige lenker