Medisinar og sol

Sola er viktig for oss. Ho er ei kjelde til energi og overskot, og ho gjer oss i stand til å danne D-vitamin i huda. For nokre få kan kombinasjonen sol og legemiddel gi biverknader i form av hudreaksjonar, fotosensitivitetsreaksjonar. Slike reaksjonar kan utløysast av ei rekke legemiddel, for eksempel enkelte antibiotika, enkelte betennelsesdempande middel, p-piller og enkelte hjartemedisinar.

​I Noreg er vanlegvis ikkje sollyset i låglandet nok til å utløyse hudreaksjonar som følge av legemiddelbruk. Om sommaren, ved sjøen, på høgfjellet eller ved opphald i Syden er risikoen for denne typen biverknad større. Då kan det vere lurt å vere ekstra påpasseleg med å beskytte seg mot sola.

Er du usikker på om legemidla dine kan gi denne typen reaksjonar? Spør oss på apoteket!

Korleis kan du beskytte deg?

  • Bruk solkrem med høgt vern mot både UVA- og UVB-strålar.
  • Bruk nok solkrem. Ein hugseregel er ein handfull til ein heil kropp, eit barn sin handfull til ein heil barnekropp.
  • Ta på solkrem fleire gonger dagleg.
  • Beskytt deg med solbriller, solhatt og klede.
  • Hald deg unna sola når ho er på det sterkaste, mellom kl. 12–15.
  • Avgrens solinga dei første dagane du er i sola.
  • Hugs at solstrålar (UVA) kan kome gjennom både vindaugsglas, tynne tekstilar og skyer.

Kva kan du gjere sjølv?

Soleksem
Kan oppstå uavhengig av legemiddelbruk
Soleksem er ein allergisk reaksjon mot UV-strålar. Symptoma er raud hud, hevelse og kløe. Plagene er mest vanlege om våren og tidleg på sommaren. Dei minkar for dei fleste utover sommaren når huda blir meir pigmentert. Ein kan best førebygge soleksem ved å bruke solkrem med høg faktor ved soling, og unngå soling midt på dagen når sola er sterkast.

Fotosensitivitet
Biverknad ved legemiddelbruk
Det finst fleire typar fotosensitivitetsreaksjonar, to av dei er:
Fotoallergi viser seg ofte som eksem. Symptoma opptrer frå nokre timar til eit par døgn etter soleksponering. Eksemet kan spreie seg til hudområde som ikkje har vore eksponert for sola.
Fototoksisitet gir ofte liknande symptom som når ein er solbrent med utslett, raudfarge, kløe, svie og smerte. Symptoma kjem raskt. I motsetning til fotoallergi, blir symptoma berre sett på hud som har vore eksponert for sol.

Pigmentflekkar
P-piller og østrogenpreparat er eksempel på legemiddel som kan gi pigmentflekkar i ansiktet. Enkelte kan oppleve at desse flekkane ikkje forsvinn. Pigmentflekkar kan førebyggast ved å bruke solkrem ved soleksponering.

Dersom du opplever hudreaksjonar ved opphald i sola, er det viktig at du ikkje sluttar å ta legemidla dine, men tar kontakt med lege eller apotek.

Oppbevaring

  • Riktig oppbevaring av legemiddel i sommarvarmen:
    Direkte sollys, varme- og/eller fukt kan skade legemidla, men også minusgradar. Eit eksempel kan vere bagasjerom på fly.
  • Oppbevar legemidla dine på rett måte både heime og på reise. Dei skal ikkje ligge i sola.
  • Bruker du legemiddel som skal oppbevarast i kjøleskap, er det fornuftig å investere i ei kjølemappe.
  • Ved reise bør du ikkje sende livsviktige medisinar i kofferten, men heller ta dei med i handbagasjen.

 

Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.