Medisinar og mat

Både mat og kosttilskot kan påverke medisinar når dei vert tekne samstundes. Maten kan til dømes gjere at medisinen vert absorbert i mykje mindre grad i kroppen, og at du får dårlegare effekt av medisinen din. I andre tilfelle kan det hende at medisinen skal takast saman med litt mat, fordi maten minkar faren for biverknader av medisinen.

​Les pakningsvedlegget som ligg saman med medisinen du har fått frå apoteket. Dersom du ikkje har dette, finn du tilsvarande informasjon på Felleskatalogen.no.

Når det står at medisinen skal takast saman med mat, kan du til dømes ta medisin til eitt eller fleire av dagens måltid. Ver likevel observant på at enkelte medisinar ikkje skal takast saman med bestemte matvarer, til dømes grapefruktjuice, mjølkeprodukt eller liknande. Når det står i pakningsvedlegget, eller i felleskatalogteksten, at medisinen kan takast uavhengig av mat, betyr det at det ikkje betyr noko om du tar den til eit måltid eller ikkje. Det vil stå at medisinen skal takast utenom måltid, dersom mat og medisinen ikkje skal kombinerast.

Du kan sjølvsagt òg spørje legen eller på apoteket. Du kan lese meir om temaet på Norsk Helseinformatikk sine sider om medisinar og mat.

Sjå òg «når legemiddel og mat påverkar kvarandre».