Medisin og alkohol som påverkar effekten av kvarandre, kan gje deg:
- auka fare for biverknader av medisinen
- svakare eller sterkare verknad av medisinen
- sterkare verknad av alkoholen (rus, nedsløving)
Les pakningsvedlegget som ligg saman med medisinen du har fått frå apoteket. Dersom du ikkje har dette, finn du tilsvarande informasjon på Felleskatalogen.no. Du kan sjølvsagt òg spørje legen eller på apoteket.
Som ein hovudregel bør det gå 2-3 timar etter at du har teke medisinen, før du drikk alkoholhaldig drikke, og venter til alkoholen er ute av kroppen før du tar medisin neste gong. Nokre medisinar skal likevel ikkje kombinerast med alkohol i det heile, og då kan så lite som eitt glas vera for mykje. Eit typisk døme på ein slik medisin er Flagyl/Metronidazol, som vert nytta mot enkelte typar infeksjonar, og som kan gje svært uheldige verknader i kroppen om den vert kombinert med alkohol under, eller innan, eitt døgn etter avslutta behandling.
Du kan lese meir om medisinar som du ikkje kan/bør kombinera med alkohol på Norsk Helseinformatikk sine sider om temaet.
Helsedirektoratet har òg publisert eit hefte om Alkohol og legemidler (pdf, 24 sider).