Medisinar med raud varseltrekant verkar på sentralnervesystemet og kan forlenge reaksjonstida di. Dei kan òg gjere deg sløv og mindre kritisk i potensielt farlege situasjonar.
Hovudregelen er at du aldri må køyre bil i påverka tilstand. Dersom du kjenner deg sløv og døsig, enten det kjem av medisinen du brukar eller sjukdomen som skal behandlast, bør du ikkje køyre bil. Les alltid pakningsvedlegget som ligg saman med medisinen du har fått frå apoteket. Dersom du ikkje har dette, kan du finna tilsvarande informasjon på Felleskatalogen.no. Du kan sjølvsagt òg spørje legen eller på apoteket.
Du kan lese meir om dette på Folkehelseinstituttet sine sider om trafikkfarlege legemiddel. Sjå også gjerne informasjonssida vår om medisinar og alkohol.