Kan tabletten delast eller knusast?

Det ligg mykje forsking bak utforminga og samansetninga av tabletten eller kapselen. Ved å dele eller knuse tabletten, risikerer du å redusere kvaliteten på medisinen.

​For eksempel kan langtidseffekten bli øydelagt, legemiddelet kan smake vondt eller virkestoffet kan bli øydelagt. Dette er spesielt viktig for medisinar som skal virke over lang tid (som depotkapslar) eller for legemidlar som skal løysast opp bestemte stader i kroppen.

​Korleis kan du vurdere om legemidlar kan delast eller knusast?

  • Som hovudregel skal alle tablettar og kapslar svelgjast heile.
  • Tablettar med delestrek, kan delast.
  • Deling eller knusing av tablettar kan føre til minska effekt eller biverknader. Sjekk derfor pakningsvedlegg eller forhøyr deg med apotekpersonalet før du deler eller knuser tablettar.
  • Vanlege tablettar kan delast eller knusast, dersom du har problem med å svelgje. Nokre tablettar har eit overtrekk som gjer det vanskeleg å knuse tabletten.
  • Depottablettar og depotkapslar frigjer virkestoff gradvis over tid. Depottablettar kan ikkje knusast og vanlegvis ikkje delast, men nokre har delestrek og du kan i så fall dela dei. Du kan opna depotkapslar, men du må ikkje knusa eller tyggja desse.
  • Enterotablettar har eit overtrekk som gjer at dei ikkje løyser seg opp i magesekken, men først når dei kjem over i tarmen. Du må derfor ikkje knusa eller dela Enterotablettar. Enterokapslar inneheld små korn som har eit overtrekk som beskyttar mot magesaft. Du kan opna Enterokapslar, men du må ikkje knusa eller tyggja korna.
  • Smeltetablettar skal leggjast på tunga, og smeltar raskt. Virkestoffet blir svelgd ned med spytt, og tilførsel av drikke er ikkje nødvendig. Nokre smeltetablettar kan løysast opp i litt vatn og drikkast.
  • Oppløyselege tablettar treng ikkje delast eller knusast. Dei kan løysast i ei lita mengde vatn og drikkast, eller svelgjast heile som vanlege tablettar.
  • Brusetablettar skal løysast i ½ glas vatn og drikkast.