Influensavaksine

Vaksinasjon er eit hovudverkemiddel i kampen mot smittsame sjukdommar. Vaksinasjon mot influensa medverkar til redusert sjukdomskjensle, lågare sjukefråvær, færre innleggingar på sjukehus og lågare bruk av antibiotika. I Norge døyr det om lag 900 personar årleg som følgje av influensasjukdom. Influensavaksine kan forhindre mange av desse.

​Viruset som er årsaka til influensa trivst best i celler i luftvegane. Viruset blir spreitt via dråpe- eller luftsmitte og ved kontaktsmitte. Dråpe- eller luftsmitte blir spreidd når ein smitta person hostar eller nys. Kontaktsmitte kan skje gjennom gjenstandar som t.d. dørhandtak eller kontantar. Ei lita virusmengd er nok til å gje sjukdom, og ein er smittsam omlag ein dag før og 3-5 dagar etter ein utviklar symptom på sjukdommen.

Symptom

Symptoma på influensa kjem brått med feber, hovudpine, muskelsmerter og redusert allmenntilstand. Somme kan også få sår hals, snørr og hoste.

Mange av desse symptoma kan også vere symptom på forkjøling. Forskjellen er at ved ein influensasjukdom vil ein ha høgare feber, muskelsmerter og i større grad redusert allmenntilstand. Influensa er ein meir alvorleg sjukdom fordi den kan etterfølgast av andre sjukdommar som lungebetennelse, biholebetennelse eller øyrebetennelse.

Influensa varer oftast i 7-10 dagar.

Kven blir ramma av influensa

Alle kan få influensa. Dei fleste toler dette svært godt, men eldre og personar med nedsett immunforsvar kan bli svært sjuke av komplikasjonar, og i verste fall døy av følgjesjukdommar.

Personar over 65 år, personar med kroniske sjukdommar som t.d. diabetes, hjarte-/karsjukdommar, astma/KOLS
og personar med nedsett immunforsvar bør derfor ta influensavaksine.
 
Les meir på Helse Norge


Tilgjengelege vaksinar

Full effekt av influensavaksinen kjem etter ca. 2 veker. Effekten av vaksina varierer frå år til år, men ligg i gjennomsnitt på ca. 60 prosent. Det vil seie at 60 prosent av dei vaksinerte er verna mot influensasjukdom.
Vernet varer i 6-12 månader, nokon gonger lengre. Influensavaksinen blir evaluert og forandra årleg for å vere mest mogeleg effektiv, derfor sikrar ein seg best ved å ta vaksinen kvart år.

I Norge har vi to tilgjengelege influensavaksinar: Vaxigrip-tetra®Sanofi og Influvac Tetra®Mylan.

Det er få og milde biverknader av influensavaksine. Dei vanlegaste er at ein kan bli øm og raud på stikkstaden. Somme kan få feber, lett sjukdomskjensle og muskelsmerter i 1-2 dagar etter vaksinering. Dette er ikkje influensa, men immunforsvaret som reagerer på vaksinen.

Alle influensavaksinar som er tilgjengelege i Noreg er produserte frå virus som blir dyrka i hønseegg. Dei kan derfor innehalde spor av eggeprotein. Fordi personar med eggeallergi har ein litt forhøgd risiko for allergisk reaksjon skal ikkje desse vaksinerast i apotek, men blir vist til lege.

Les meir om vaksinar i Felleskatalogen:


Førebygge smitte

Vanlege hygienetiltak som handvask og gode hostevanar medverkar til å redusere smitte. Vask hendene grundig med såpe og vann, særleg etter hosting elle nysing, etter toalettbesøk, før tillaging av mat, før måltid og elles ved synleg skitne hender. Har ein ikkje har tilgang på såpe og vann er handdesinfeksjonsmiddel eit godt alternativ.

Unngå å hoste eller nyse direkte på andre. Prøv å hoste/nyse i eit papirtørkle som blir kasta etterpå, eller i olbogekroken dersom du ikkje har papirtørkle tilgjengeleg.

Sjå film om handhygiene på Helse Norge


Det blir anbefalt å ta influensavaksine årleg, spesielt dersom du er i ei risikogruppe. Andre personar kan også vaksinere seg for å redusere risikoen for å få influensa dersom sjukdom gjer at ein ikkje kan gå på jobb, redusert prestasjon, familieliv og liknande. Ein kan også vaksinere seg for å verne andre, for eksempel dersom ein er helsepersonell eller omgåst personar i risikogruppa.

Du kan få influensavaksine på Sjukehusapoteket!

Sjukehusapoteka tilbyr vaksinering av mot influensa til alle over 12 år. Kom innom det lokale sjukehusapoteket ditt for ein drop-in-time, eller ring oss for å gjere ein avtale. Farmasøyter kan revirere influensavaksine, og difor treng du ikkje resept frå lege.

Vi gjer merksam på at fram til 1.desember 2020 er det berre personar i risikogruppa som får influensavaksine.

 

Kjelder:

Helse NorgeFolkehelseinstituttet

Tenestemanual influensavaksinering frå Apotekforeningen.

Våre sjukehusapotek

Fann du det du leita etter?