Gode råd om medisinbruk

Legen har gjeve deg resept på ein medisin som er tilpassa deg og din helsetilstand. For at medisinen skal virke, er det viktig at den tas som angitt på bruksrettleiinga.

​Gode råd

  • Følg bruksrettleiinga som står på pakninga. Les pakningsvedlegget.

  • Du skal vanlegvis svelgje tablettar og kapslar heile, med minst ½ glas væske.

  • Bruk gjerne doseringseske slik at du lettare hugsar å ta medisinen.

  • Ta kontakt med legen dersom du ikkje får effekt av behandlinga, eller dersom det oppstår ubehagelege biverknader.

  • Ikkje avbryt behandlinga utan å konferere med lege. I nokre tilfelle kan det vere farleg å avslutte behandlinga brått, eller du kan få ubehagelege reaksjonar. I nokre tilfelle kan du få alvorleg tilbakefall av sjukdommen.

  • Nokre legemiddel kan påverke di evne til å køyre bil eller bruke maskinar. Dette gjeld spesielt legemiddel som er merka med varseltrekant.

  • Ikkje bruk legemiddel som er gått ut på dato. Lever dei til apotek.

  • Ikkje bruk andre sine legemiddel, sjølv om du har liknande plagar sjølv.

  • Dersom du tek fleire medisinar, be legen sette opp ei liste over dei medisinane du bruker, eller lag ei liste sjølv.

  • Dersom du blir behandla av fleire legar, opplys alltid om kva legemiddel du bruker. Hugs også å nemne reseptfrie legemiddel og naturlegemiddel.​