Generisk byte

Det finst legemiddel som inneheld same verkestoff, men som har ulikt namn. Desse legemidla blir kalla generiske legemiddel. Statens legemiddelverk (SLV) vurderer og avgjer kva legemiddel som er generiske.

​SLV garanterer at generiske legemiddel er likeverdige, har same medisinske verknad og er like gode. SLV har også bestemt at generiske legemiddel er bytbare. I praksis vil det seie at når du kjem på apoteket, kan apoteket tilby deg eit legemiddel med eit anna namn enn det legen har skrive ut, dersom det finst eit generisk og rimelegare alternativ til det legemiddelet som står på resepten. Apoteket pliktar å tilby rimelegaste alternativ.

Apoteket hjelper deg altså med å finne riktig legemiddel til rimelegast mogleg pris når det finst generiske alternativ til det legemiddelet legen har skrive på resepten.

Føresetnaden for eit generisk byte er at du ikkje har innvendingar mot dette, og at legen ikkje har vurdert at eit slikt byte bør unngåast av medisinske årsaker.

Visste du at?

Eit legemiddel består av

  • verkestoff som gir medisinsk effekt.
  • hjelpestoff som gir form, farge og andre ønskelege eigenskapar. 

Det første legemiddelet som kjem på marknaden med eit nytt verkestoff, blir kalla originalpreparat.

Generiske legemiddel

  • inneheld akkurat same verkestoff som originalpreparatet
  • kan ha ulike hjelpestoff
  • kan ha ulikt namn og utsjånad
  • kan ha ulik tekst i pakningsvedlegget
  • kan ha ulik pris

På legemiddelpakningen finn du:

  • namnet på legemiddelet (namnet på det generiske legemiddelet er nesten alltid det same som namnet på verkestoffet. For eksempel det kolesterolsenkande legemiddelet med verkestoffet simvastatin; der originalpreparatet heiter ”Zocor”, mens nesten alle generiske alternativ berre heiter ”Simvastatin”)
  • namnet på verkestoffet
  • namnet på produsenten og/eller importøren av legemiddelet

Apoteket informerer

Apoteket vil informere deg dersom eit generisk byte er aktuelt. Når dette blir gjort, vil apoteket skrive namnet på det legemiddelet som er føreskrive av legen på etiketten, slik at det ikkje oppstår tvil om kva legemiddel det er byta frå og til.

Legen kan reservere mot byte dersom det er tungtvegande medisinske grunnar til det. Dersom legen ikkje har reservert mot eit byte, meiner ho/han at det er greitt å byte.

Dersom du likevel ikkje vil byte, må du sjølv betale eit eventuelt mellomlegg for å få akkurat det legemiddelet du ønsker.

Generisk byte i apotek er trygt! Sjølv om apoteket gir deg eit legemiddel med eit anna namn, får du alltid den behandlinga legen har bestemt.
Les meir om generisk byte på www.legemiddelverket.no.


 


Er allmenntilstanden dårleg eller du mistenker alvorleg sjukdom –
ta kontakt med lege. Les pakningsvedlegget nøye ved bruk av legemiddel.