Er du i risikogruppa for influensa? Ta drop-in vaksine på sjukehusapoteket

Hausten er her og influensasesongen nærmar seg. No kan alle som er i risikogruppa få sett vaksine mot influensa på sjukehusapoteket - utan resept frå legen.

Fagsjef Stein Erik Knapstad

Fagsjef Publikum Stein Erik Knapstad

- Sjukehusapoteka ønsker først og fremst å medverke til at vaksinasjonsdekninga i befolkninga aukar. Influensa kan vere ein alvorleg sjukdom, særleg for eldre og personar med kroniske sjukdommar som f.eks. diabetes og hjartesjukdom. Influensa aukar risiko for lungebetennelse og følgjeleg også bruken av antibiotika. I tillegg er det viktig å unngå dobbelsmitte i år, altså unngå at ein både blir smitta av covid-19 og influensa, seier fagsjef for publikum, Stein Erik Knapstad.

 

Det er kommunen som skal sørge for eit tilbod om influensavaksine til personar i risikogruppene, men apoteka kan vere eit godt supplement.
- Det er mange som ønsker å vaksinere seg før influensasesongen startar. No kan dei enkelt komme innom sjukehusapoteka våre og få sett vaksinen der, på ein rask og enkel måte, utan å bestille time, fortel Knapstad. Han gjer merksam på at dei som er i risikogruppa må betale for vaksinering i apotek. Dette skuldast at myndigheitene ikkje subsidierer influensavaksiner som vert satt i apotek. Mange vel likevel å betale ekstra for få tatt vaksinen raskt på ein enkel og trygg måte, utan å måtte bestille time.

Pris for vaksine og vaksinasjon i sjukehusapoteka er kr. 353,-

Munnbind under vaksinering

På grunn av korona har apoteket innført ekstra smitteverntiltak i samband med årets vaksinering. Du kan derfor bli bedd om å ta på munnbind. Sjukehusapoteket er nøye med å desinfisere alle overflater i lokalet der det blir vaksinert. Og alle må huske på ein-meters-regelen.
- Dersom du føler deg sjuk skal du ikkje komme inn på apoteket. I desse dagane er det spesielt viktig å huske på dette. I tillegg er feber eit teikn på at immunsystemet allereie jobbar med å slå ned ein infeksjon. Vaksinasjon må derfor utsettast, seier Knapstad.

Godt førebudd før sesongen 

Mange apotek har hatt influensavaksinering i fleire år, men då med resept frå lege. Regelendringa som ga farmasøytar rett til å rekvirere influensavaksine trødde i kraft 31. august så nå kan du bli vaksinert i apoteket utan å ha resept frå lege.
- Vårt helsepersonell har gjennomgått grundig opplæring, både teoretisk og praktisk. Nå er det sertifiserte vaksinatørar i apoteket som setter vaksinen. Vi i Sjukehusapoteka Vest er derfor godt førebudd på å hjelpe alle i risikogruppa som ønsker å vaksinere seg mot influensa nå, seier Knapstad.   

Før vaksinen blir sett må du svare på nokre spørsmål, bl.a. for å avklare om du er i risikogruppa som kan få vaksinen nå. I tillegg må alle som tek vaksinen vente på apoteket i minst 20 minuttar etter at vaksinen er sett.

Helsepersonell vaksinerer seg

 - Vi som helsepersonell har også eit spesielt ansvar for å avgrense smittespreiing. Apotektilsette møter alle typar kundar, både dei som har kroniske lidingar og dei som kan vere smitta av influensa. Derfor tek vi også influensavaksinen, seier Knapstad.

 

 

Opningstid og kontaktinformasjon til våre sjukehusapotek

 

 

Fann du det du leita etter?