Biverknader

Du kan oppleve at medisin gjev uønskt verknad. Dette kallar vi biverknader. Ubehag eller andre symptom du merker når du tar medisin, kan vere biverknader. Nokre gonger kan det vere vanskeleg å avgjere kva som skyldast sjukdom, og kva som skyldast biverknader.

Korleis kan du unngå biverknader?

Du må vere nøye med å bruke medisinen riktig. Det vil seie at du må følgje legen sine instruksjonar nøye. Dersom du brukar fleire medisinar samtidig, kan dei ulike medisinane påverke kvarandre. Då kan både verknader og biverknader forsterkast eller svekkast. Det er derfor viktig at du på førehand fortel legen om kva andre medisinar du tar, slik at uheldige kombinasjonar unngåast.

Kvifor bør du lese pakningsvedlegget?

I pakningsvedlegget finn du kva slags biverknader man veit medisinen kan gje, og ofte er det oppført kor ofte dei ulike biverknadene inntreff. Pakningsvedlegget inneheld òg opplysningar om innhaldsstoffer, verkemåte, eventuelle forsiktigheitsregler, dosering og oppbevaring. Dette er informasjon du bør kjenne til for å bruke medisinen riktig. Ta derfor vare på pakningsvedlegget mens du bruker medisinen. Husk alltid å følgje legens instruksjonar viss han har angitt ei anna dosering enn det som står i pakningsvedlegget. Link til Felleskatalogen sin pasientutgåve: http://www.felleskatalogen.no/pasientutgave/

Kva gjer du viss du får biverknader?

Om du får symptom på biverknader av medisinen du brukar, bør du kontakte legen din eller snakke med ein farmasøyt på apoteket. Dette gjeld spesielt om det dreier seg om symptom/biverknader som følast alvorlege, eller som ikkje er nemnd i pakningsvedlegget. Du og legen må saman vurdere kor godt medisinen verkar i forhold til kor mange, og kor alvorlege, biverknader den gjev, før det vert bestemd om du skal fortsette med behandlinga, eller ikkje.

Korleis kan du melde biverknader?

Biverknader kan meldast til Legemiddelverket på eit eige meldeskjema for pasientar via internett, eller via lege, tannlege eller farmasøyt. Meir informasjon om meldeordninga for pasientar finn du her.

Biverknader – kva skal aksepterast?

Kva som skal aksepterast av biverknader avhenger av kva du behandlast for. Ved mindre alvorlege sjukdommar er det ikkje akseptabelt med mange, eller alvorlege, biverknader. Hos ein pasient som behandlast for en alvorleg sjukdom, må ein akseptere fleire, og meir alvorlege, biverknader, enn for eksempel hos ei kvinne som tar p-piller for ikkje å bli gravid.

Får alle som tar medisin biverknader?

Når ein ny medisin blir godkjent, vert nytta pasientar kan få av medisinen vurdert opp mot dei moglege biverknadene medisinen kan gje. Alle medisinar kan gje biverknader, men det betyr ikkje at alle som brukar ein medisin nødvendigvis vil få biverknader. Det er gjerne slik at jo betre verknad ein medisin har, jo fleire og meir alvorlege biverknader har den. Det er vanskeleg å seie kven som vil få biverknader av ein medisin, men generelt har eldre pasientar større risiko for å få biverknader, enn yngre.

Er alle biverknader av en medisin kjent?

Alle biverknader av ein medisin er ikkje kjent på godkjenningstidspunktet – dette gjeld spesielt sjeldne biverknader. Årsaka er at medisinen fram til godkjenningstidspunktet berre er prøvd ut under kontrollerte førehald, på utvalde grupper pasientar og på friske frivillige. Når medisinen tas i vanleg bruk på (ofte svært) ulike pasientar, vil det alltid oppdagast nye biverknader. Nye og ukjende biverknader kan oppdagast så lenge ein medisin er i bruk.

Kor ofte inntreff biverknader?

Biverknadene delast inn i kategoriar etter kor ofte dei inntreff.
Ein biverknad blir kalla:

  • Vanleg viss den inntreff hos meir enn 1% av pasientane
  • Mindre vanleg viss den inntreff hos 0,1 – 1% av pasientane
  • Sjeldan viss den inntreff hos færre enn 0,1% av pasientane
  • Svært sjeldan viss den er beskriven berre i enkelte tilfelle (inntreff hos færre enn 0,01% av pasientane)

Det er størst risiko for å få dei mest vanlege biverknadene. Dei sjeldne biverknadene er ofte meir alvorlege, og det er berre ein liten del av pasientane som får dei alvorlege biverknadene.