Supermedisin og dei slemme bakteriane

Det er ikkje alltid like lett å vere liten og sjuk. Nokre gangar må barn ta medisin som smaker vondt, sjølv om dei ikkje forstår kvifor.

​KJÆRE FORELDRE OG ANDRE VAKSNE

Denne artikkelen er laga for å fortelje barn om kva som skjer inne i kroppen når ein er sjuk og trenger antibiotika.

Vi håper det blir lettare for barna å ta medisinen når dei forstår kvifor det er viktig og har supermedisin med på laget.



Supermedisin og dei slemme bakteriane

Kroppen din er full av bakteriar. Dei aller fleste bakteriane er snille og hjelper kroppen med å fungere som den skal.


  


Nokre bakteriar er rampet, bøllet og slemme. Men ta det med ro!

Kroppen har eit eig politi som passar på og stoppar dei slemme bakteriane.


 

Nokre gangar kjem det såg mange slemme bakteriar i kroppen at politiet ikkje klarer å ta dei bort aleine. Da blir vi sjuke og føler oss dårleg.


 

 

Da trenger kroppen hjelp frå...


 


 


 


Inne i kroppen kan supermedisin bruke superkreftene sine til å ta bort dei slemme bakteriane. Så du kan bli frisk.


 


Nokre gangar gøymer nokre av dei slemme bakteriane seg såg det blir vanskeleg for supermedisin og finne dei.

Planen deira er å gøyme seg til supermedisin har drege vegen sin og så starte å bølle igjen.


 ​


 



Derfor er det superviktig å ta supermedisinen så lenge legen har sagt så den får tid til å finne alle dei slemme bakteriane.


 


 


 

Når alle dei slemme bakteriane er tekne bort blir kroppen frisk igjen. Alle dei snille bakteriane er kjempeglade og takkar supermedisin for hjelpa. Så dreg supermedisin på nye eventyr.
 

 

 

Informasjonen i denne artikkelen er henta frå ein brosjyre utarbeidt av Andrea M. Stongeland og Maria K.E. Bekkelie i samarbeid med NTNU, Sykehusapotekene i Midt-Norge og Blopp! (Barns legemiddelopplevelser).

Det er barn ved Dragvoll barnehage og Bærland SFO som har teikna desse flotte bakteriane.