
Kjære foreldre
Her har vi samla råd frå andre barn og farmasøytar for å gjere medisinopplevinga litt betre for deg og ditt barn. Barnet bør ikkje ha valet om å ta medisinen eller ei, men ein kan gje barnet kontroll over situasjonen på andre måtar. Bak i heftet kan du og barnet ditt saman forberede dykk på å ta medisinen. Der kan de bruke klistremerker til å halde styr på dosene i medisinkalenderen, og finne inspirasjon til å lage ein eiga rutine for å ta medisinen.
Mange barn har og lettare for å akseptere medisinen når dei forstår kvifor den er viktig. I tillegg til dette heftet finn du heftet om «Supermedisin og dei slemme bakteriane» som kan brukast til å fortelle barnet om det som skjer i kroppen når ein er sjuk og treng antibiotika.
Kamuflere med saltsmak
Nokon gonger kan saltsmak kamuflere medisinsmaken betre enn søtsmak. Gje gjerne salt kjeks til barnet.
- Farmasøyt
Å leike medisinen inn
For nokon barn kan det hjelpe å leke medisinen inn. For eksempel kan ein la barnet gje liksom-medisin til bamsen eller dukken.
- Farmasøyt

Vannkrig med sprøyte
Om medisinen har veldig bitter smak, kan det hjelpe å bedøve smaksløkene med ein isbit eller noe anna kjølig før medisinen tas.
- Farmasøyt

Å farge medisinen
Noen barn synes det er enklare å ta medisinen om den kommer i favorittfargen deira. Det går fint å farge medisinen med konditorfarge.
- Farmasøyt
Lag den mest morosame grimasen
Bruk skjema og klistremerker for å halde oversikt

Gode råd
Bruk doseringssprøyte, målebeger eller måleskje til flytende legemidlar.
Hushaldsskje varierer i størrelse og er ikkje egna til å måle opp medisin.
De fleste tablettar kan knusast, men ikkje alle. Sjå i pakningsvedlegget eller spør på apoteket. Ved fleire doser dagleg bør desse fordelast jamt i den delen av døgnet når barnet er våken.
For å huske å gje barnet medisinen kan det være lurt å leggje inn alarm på
mobiltelefonen.
Om barnet kaster kraftig opp innan det har gått ein halv time etter inntak, bør barnet få en ny dose.
Spedbarn
- La barnet sitte eller halvt ligge på fanget.
- Bruk ein doseringssprøyte og sprøyt miksturen i små mengder på innsida av kinnet, og litt langt bak, så barnet svelgjer medisinen og ikkje spyttar den ut.
- Man bør ikkje blande medisin i mjølken eller i anna mat. Det gjer en usikker dosering om barnet ikkje drikk eller et opp alt.
Større barn
- Vær ærleg og bestemt, og lag minst mulig oppstyr rundt det å ta medisinen. Ikkje prøv å lure barnet. Dette blir lett gjennomskoda og skapar mistillit.
- Om barnet ikkje vil ha medisinen, kan man leike den inn eller gje barnet noen reelle val. Korleis har barnet sjølv lyst til å ta medisinen?
- Unngå tvang. Men blir det nødvendig, så gje mykje ros og kos etterpå.
- Bland ikkje medisinen i en for stor porsjon væske eller mat. Vær merksam på at vond medisin i god mat kan gje barnet avsmak for denne maten seinare.
Kontakt barnets lege hvis
- Du ikkje får i barnet medisinen, sjølv om du har prøvd rådene i denne brosjyren.
- Barnet reagerer på medisinen (for eksempel får utslett)
- Du ikkje ser betring hos barnet etter forventa tid.
Kilde: Apotekforeningens - Foreldrebrosjyre nr. 16
Informasjonen i denne artikkelen er henta fra en brosjyre utarbeidd av Andrea M. Stangeland og Maria K.E. Bekkelie i samarbeid med NTNU, Sykehusapotekene i Midt-Norge og Blopp! (Barns legemiddelopplevelser).