Norske helsemyndigheiter anbefaler kvinner som planlegg å bli gravide, og gravide kvinner i første trimester, å ta tilskot av 0,4 mg folsyre kvar dag. Det kan også vere fordelaktig for både mor og barn at du tar andre kosttilskot (omega-3/vitamin/mineral), dersom du ikkje dekker dette tilstrekkeleg gjennom kosten. Dette kan du diskutere med helsepersonell på apoteket.
Fleire reseptfrie medisinar, som for eksempel allergimedisin og nasespray mot tett nase, kan vere ufarlege å bruke under svangeskapet, medan ein skal vere forsiktig med bruk av andre medisinar. Dette kan du få informasjon om på apoteket, eller ved å bruke den nettbaserte tenesta tryggmammamedisin.no.
For dei som har kroniske sjukdomar kan det likevel vere tryggare for det ufødde barnet at mor brukar medisinane og har god kontroll på sjukdomen, enn at mor unnlét å bruke medisinar og kanskje får ei forverring av sjukdomen. Dette er ei vurdering som legen skal gjere i det enkelte tilfellet.
Beskyttelse av huda under svangerskapet
Mange kvinner opplever å få pigmentflekkar i løpet av svangerskapet. Dette kan du førebyggje ved å bruke rett solbeskytting med daglig bruk av solkrem av høg faktor. Det er heller ikkje uvanleg at gravide kvinner opplever å få ekstra tørr hud i ein periode (svangerskapskløe). Helsepersonell ved apoteket har god kompetanse til å rettleie og tilpasse mild og god pleie for å førebyggje og avgrense ubehaget av tørr og kløande hud.
Anna
Andre ting du kan spørje om råd til frå apoteket, er førebygging av hovne bein med støttestrømpar, eigenbehandling mot svangerskapskvalme, halsbrann, forstopping, hemoroidar og soppinfeksjon i underlivet.
Andre kjelder til informasjon
Foreldre- og barn-brosjyrar frå Apotekforeningen er utarbeidd i tverrfagleg samarbeid, og fire av informasjonsbrosjyrane er særskild retta mot gravide kvinner.
På Norsk helseinformatikk sine sider kan du finne mykje informasjon relatert til både graviditet og fødsel.
Legemiddelverket har også mange gode råd for medisinbruk under svangerskapet.
På nettsida Ammehjelpen kan du lese meir om behandling av såre brystknoppar, tette mjølkekanalar, brystbetennelse og mykje meir. Der kan du òg kome i kontakt med «ammehjelparar» som kan gje deg gode råd med omsyn til amminga, dersom du ikkje finn svar på det du lurer på ved å lese på nettsida. Utstyr og hjelpemiddel som det vert vist til, til dømes ammeinnlegg i ull, eingongs ammeinnlegg som ikkje festar seg i såre brystknoppar, salver, brystpumper med meir, kan du kjøpe, og få meir informasjon om, på apoteket.